Kvifor blir kvinner med helseproblem høyrt i media, og ikkje i helsevesenet?

Fordi media er blant dei få som tener pengar på kvinnehelse.

Publisert: Publisert:

Er du også ein av dei som aldri hadde høyrt om endometriose før nyleg? Tilstanden der vev frå livmora veks utanfor livmorhola, som rammar rundt ti prosent av alle kvinner. Mange har store smerter.

Eller kva med vulvodyni? Uforklarlege smerter i vulva.

Sjansen er stor for at du i løpet av dei siste åra har gått frå å ha null kunnskap om desse sjukdommane, til å høyre ganske mykje om dei.

Først og fremst er det takka vere unge kvinner som dei siste åra har gjort ein enorm jobb med å bevisstgjere og dele kunnskap om sjukdommar som faktisk er svært vanlege i halve befolkninga, men som svært få har kjent til.

Kostnaden har vore å blottleggje sine sjukdomshistorier for alle som vil lese. Gi tilstanden eit ansikt.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.