Den siste oljen

Oljesjef fryktar kraftig hopp i oljeprisen frå 2020. Ingenting ville vore betre, både for Noreg og klimaet.

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

GREP: Ingen grunn til å vere trist. Statskassa kan få nye, ekstra påfyll frå 2020. Men regjeringa må setje fart i omstillinga til livet etter oljen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ein manns frykt kan vere ein annan manns glede. Sjefen for oljeselskapet Total, Patrick Pouyanné, er redd for høgare oljeprisar. Ikkje fordi Total då vil tene endå meir pengar, men fordi dyr olje vil skunde på omstillinga til fornybar energi.

Alle reknar no med at fornybar på eit eller anna tidspunkt vil utkonkurrere fossilt brensel. Pouyannés velbegrunna frykt er at oljeprisboomen gjer at det vil skje raskare.

Sjeldan har frykt lukta så godt.

Det var på ein konferanse i London nyleg at Pouyanné lufta redsla, ifølgje Financial Times. Bakgrunnen er eit kraftig fall i investeringane i olje- og gassfelt sidan 2014. Fallet gjer at auken i produksjon har gått ned frå 2,5 millionar fat i året, til 1 million fat.

Pouyanné er ikkje åleine om analysen. Mellom anna åtvara Det internasjonale energibyrået (IEA) i mai om at det vil bli for lite olje, og dermed eit kraftig prishopp, frå rundt 2020. Då snakkar vi truleg om oljeprisar på over 100 dollar fatet.

Ingenting ville vore betre enn om dei får rett. Spesielt for Noreg, som då ville få nokre år med ekstra påfyll i oljefondet. Prisen er, for Norge som for Pouyannés Total, at endå meir av investeringane vil gå til fornybare energikjelder, som vil undergrave oljenæringa på sikt.

For tida kan oljelanda produsere meir olje enn verda treng. Difor stengde Saudi-Arabia, Russland og andre ned delar av produksjonen for eit år sidan, for å få opp prisen. Dei kan ganske kjapt auke produksjonen ein del, sjølv om det nyleg kom rapportar om at dei vil forlenge kutta ut 2018.

Les også

Terje Søviknes: - Grunn til optimisme

Den andre store reserven ligg i amerikansk skiferolje, som vaks fram under den førre oljeprisboomen. Den er relativt dyr å drive ut. Då oljeprisen fall i 2015 vart mange av desse kjeldene stengde. Går oljeprisen over 60 dollar fatet vil fleire av skiferfelta kunne opne att. Dermed har 60 dollar blitt rekna for eit slags pristak dei siste åra.

Men no er det teikn på at skiferrevolusjonen i USA har stoppa opp. Fleire nye målingar tyder på at produktiviteten har flata ut, eller gått ned det siste året. I så fall kan det bety at veksten i oljeproduksjonen òg kan bli mindre enn mange har sett for seg. Det gjer at oljeprisen kan bli endå høgare, endå tidlegare enn det IEA såg for seg i mai.

Prisboomen frå rundt 2020 (eller før) blir uansett forbigåande. Ein gong mellom 2025 og 2040 vil verdas forbruk av olje byrje å gå ned. Dei fleste oljeselskapa trur dette skiftet («peak demand») vil kome rundt 2040.

Dei støttar seg gjerne på IEA, som har eit liknande syn. Problemet er at IEA har tatt notorisk feil når det gjeld veksten i fornybar energi det siste tiåret.

Dei fleste uavhengige analytikarar trur skiftet vil kome mellom 2025 og 2030, ifølgje oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets.

For Noreg vil det bety mykje kven som får rett. Når etterspurnaden etter olje byrjar å falle, kan det skje raskt. Det er ikkje usannsynleg at det skjer rundt 2030. Det er samstundes som oljeplattformene vil kunne stå klare til å bore etter olje i Lofoten, Vesterålen og Senja, viss regjeringa skulle opne for ei konsesjonsutgreiing i løpet av året.

Produksjonen kan altså bli ulønsam frå første dag, viss det blir noko produksjon i det heile. Det viser kor risikofylt og meiningslaust heile prosjektet er, ikkje minst fordi staten skal ta mesteparten av rekninga gjennom leiterefusjonsordninga og skattefrådrag.

Les også

Bedriftene ser lyset etter oljekrisen

Olje- og energiminister Terje Søviknes vart nyleg intervjua av Bloomberg, ein amerikansk finansnettstad. Tittelen var «Forget Peak Demand, Norway’s Oil Chief Wants More Crude to Pump».

Søviknes ser seg sjølv som ein talsmann for oljenæringa i regjeringa, og har som mål å opne så mange oljefelt som mogeleg. Greitt nok. Det finst tradisjonar for at ministrar tek slike roller i Noreg.

Men Erna Solberg og resten av regjeringa må sjå eit større bilete. Rett etter valet sette dei ned eit utval som skal sjå på den økonomiske risikoen ved klimaendringane for norsk økonomi. Pouyannés frykt bør vere ein sentral del av diskusjonen.

Publisert: