Ho moderniserte Noreg

Vi lever tryggare og friare liv som ein direkte konsekvens av livsverket til Kim Friele. Det er tid for å takke.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kulturredaktør
Lenge var det berre Kim Friele. Andre opne, homofile personar eksisterte ikkje i norsk offentlegheit. No er det Friele sjølv som ikkje er meir.
Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Søndag kveld gjekk eg forbi «Benkene til Kim», det lågmælte monumentet over Kim Frieles liv og kamp. Det er oppført av kunstnar Lina Viste Grønli på Vågsallmenningen her i Frieles fødeby.

Av ein eller annan grunn kjendest det viktig å stoppe opp der. Ta eit par bilete. Tenkje over kva ho hadde gjort for landet vårt og oss som bur her. Og grunne litt på kor mykje betre mitt eige liv er som ein direkte konsekvens av hennar kamp for kjærleiken.

Og kvelden etter fekk eg melding om at ho hadde gått ut av tida.

Kvil i fred, Kim Friele. Takk for det du gjorde for oss.

I sommar opna monumentet «Benkene til Kim». Monumentet stavar K-I-M. Bakgrunnen er at Friele i lang tid sat på ein benk utanfor Nationaltheateret i Oslo og såg etter andre homofile. Og alle menneske som set seg på ein av benkane, er sjølv plassert på sokkel.

Kim Friele er sjølve dronninga av homokampen i Noreg. Dermed er ho òg ein av dei viktigaste, norske menneskerettsforkjemparane i vår levetid.

Nei, ho stod ikkje åleine i dette arbeidet, men ho hadde leiande verv i den skeive organiseringa i nesten tre tiår. Heile livet hennar har handla om å endre lovverk og haldningar slik at alle landets skeive skulle kunne leve ut kjærleiken.

  • I 1972 rauk paragraf 213 i straffelova. Den kriminaliserte homoseksuelle handlingar mellom menn (lesbiske hadde visst ingen seksualitet).
  • I 1978 blei «homofili» stroke som psykiatrisk diagnose her til lands.
  • I 1981 blei paragrafen i straffelova om rasisme utvida, slik at han òg omfatta diskriminering mot homofile.
  • I 1993 blei det lovleg for skeive å inngå partnarskap. Wenche Lowzow og Kim Friele var raskt ute med å bli registrerte partnarar.
Denne homomarsjen opp Karl Johan i Oslo i 1982 var ein av dei fyrste demonstrasjonane for homofile og andre skeive i Noreg.

Denne triumfmarsjen gjennom lovverket har vore heilt naudsynt for at alle vi som ikkje er heterofile skal kunne leve frie og trygge liv i Noreg.

Karen-Christine Friele har aldri gått stilt i dørene. Det viljesterke barnet i skipsreiarheimen blei til ei kvinne som i tjueåra mønstra om bord på eit av farens skip. Slik fekk ho auga opp for sosial urettferd.

Nokre år seinare blei ho leiar i Det Norske Forbundet av 1948 (DNF-48), som til då hadde vore ein heller lågmælt homoorganisasjon. Friele valde ein annan kurs: Ho stilte offentleg opp under fullt namn.

I seinare år har ho vore forfattar og statsstipendiat. Ho har fått heider og prisar, og for eit par år sidan sette Den Nationale Scene opp «Kim F», om kamp, undertrykking – og om den ustoppelege kjærleiken mellom Friele og Lowzow.

6. august 1993 inngjekk Friele og Wenche Lowzow partnarskap. Dei levde saman på Geilo fram til Lowzow gjekk bort i 2016.

Stykket viste også fram Friele som ei kvinne som ikkje var redd for å stå i tøffe diskusjonar. Den beintøffe lina har nok òg vore medverkande til at ho fekk eit rykte som hard og uforsonleg i konfliktar.

På åttitalet kom aidsepidemien, og Friele meinte at det var andre enn DNF-48 som måtte ta hovudansvaret for opplysningsarbeidet til menn som hadde sex med menn, ifølgje Store norske leksikon. Andre meiner at det fyrst og fremst var ein maktkamp. Striden førte uansett til hennar avgang som generalsekretær.

Også i andre debattar har Friele teke standpunkt som har vore kontroversielle, både i og utanfor skeive miljø. Det kan nok ha vore krevjande medan det stod på. I dag er det lett å sjå at det fyrst og fremst har vore ein styrke.

Å gjere skeiv kjærleik likestilt med heterofil kjærleik, er eit enormt, politisk prosjekt. Eit slikt prosjekt kan ikkje bli forma utan open debatt og friske meiningsutvekslingar.

Og kor hadde Noreg eigentleg vore utan jernviljen til Friele?

I 2013 donerte Kim Friele heile sitt arkiv til Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen. Dermed står 15 hyllemeter homohistorie i hennar barndoms by.

Friele er korkje den fyrste eller siste minoritetsforkjemparen som har blitt beden om å dempe seg. I dag er det gjerne transpersonane som blir bedne om å bruke innestemme. Noko av arven etter Friele bør vere takhøgd for frisk debatt – ikkje minst om vanskelege tema.

Eg er gamal nok til å ha vore open homofil i eit land der sånne som meg ikkje hadde lov til å gifte oss. Hatkriminalitet, hets og homofobi er framleis aktuelle og presserande spørsmål her til lands.

BT intervjua Friele i 2014, peika ho på at det var nok av kampar å ta: I både kristne og muslimske miljø. I mindre tolerante bygdesamfunn. Og ikkje minst ute i verda.

Likevel: Tanken på korleis Noreg kunne ha sett ut utan livsverket til Kim Friele, er nesten ikkje til å bere. Dei rettane vi no har, og dei haldningane som har kome i kjølvatnet av dei, gjer at mange nordmenn kan leve betre liv.

Det går sjølvsagt an å innvende at dersom ikkje ho hadde stått i spissen for kampen, ville nokon andre gjort det.

Men det var ingen andre som gjorde det.

Det var Kim Friele.

Karen-Christine «Kim» Friele kom til verda 27. mai 1935. Ho gjekk bort 22. november 2021.
Publisert
  1. Kim Friele
  2. Nekrolog
  3. Homofili
  4. Seksualitet
  5. Diskriminering
BT anbefaler

Brann har åtte nye spillere siden sommeren. Bare én var i Hornelands øyne en klar forsterkning.

Brann rustet opp til høsten med åtte nye spillere, men Horneland er usikker på om laget ble forsterket.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Det er ein vemodig jobb å rydde etter eit liv

  2. Væpna politiaksjon på Damsgård: – Svært skremmande

  3. Her heises Hege (43) ned fra Ulriksbanen. – Nå vet jeg endelig hva som skjer hvis den stopper.

  4. Resultatene i stor fedmestudie overrasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere.

  5. Rekordmange bussjåførar er sjuke. Også onsdag blir trøblete.

  6. – Regjeringen stikker hodet i sanden