Norskesynda

Frank May, NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Asbjørn Kristoffersen

Det mest effektive, norske klimakrafttaket ville vera å slutta å få barn. Ein gjennomsnittsnordmann produserer 638 gongar meir klimagassar enn ein somaliar, ifølgje vekeavisa Dag og Tid. Norskingar er klimasvin.

Men det vil ikkje vera nok om den norske folkstammen døyr ut. Grensene må stengjast. Ein norskinnflytta gjennomsnittssomaliar kan ha store planar om å produsera minst like mykje klimagassar som ein heimespøta gjennomsnittsnordmann. Då er vi like langt.

Med opne grenser er det ingen vits i å døy ut. Den norske folkestammen burde heller ha utvandra til Somalia, og lært seg å spara like mykje på klimagassane som gjennomsnittssomaliarane. Vi skulle nok tolt nedgassinga, vi gamlingar som voks opp med ei appelsin på deling mellom åtte ungar til jul, medan far og mor og bestefar og bestemor og fire tanter og to onklar måtte nøya seg med lukta av svidd appelsinskal på omnen. Det ville vera verre for dei som har vakse opp med 1,6 barn, og skinkepålegg til kvardags.

Di rikare folk blir, di dyrare blir barna, og di mindre påkravd er det å formeira seg. I Japan og Sør-Korea er folketalet på nedtur. Kinas eitt-barns-politikk har truleg spart kloten for 400-500 millionar klimasyndarar. No vil Kinas kommunistparti ha meir liv i sengehalmen. Nett som Erna. Men Kinas kvinner knip att. Nett som norske kvinner.

Dei rikaste folkestammane i Aust-Asia trur dei skal meistra nedteljinga ved hjelp av teknologi og fleire gamlingar i arbeid. Flyktningar er ikkje velkomne. Japan har opna for ei viss arbeidsinnvandring, men på vilkår av at framandarbeidarane går i eitt med den japanske tapeten.

Erna lener seg på norskfødde barn, med oppdrag å berga velferda. Pluss innvandra klimasyndarar. Som om vi har all verdas tid på å avvikla Nav og Mattilsynet. Når dei siste japanarane og koreanarane og kinesarane har utvandra til dei evige jaktmarker eller til Somalia, kan det framleis vera bompengeopprør i Åsane, om ikkje Erna tek større klimaansvar.