Du store kinesar

Amerikanarane styrer framleis sjelelivet vårt, men kinesarane har pengane.

DEI NYE AMERIKANARANE: Kinesiske turistar ved Smålungeren i Bergen. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Asbjørn Kristoffersen

Amerikanske turistar var vandrande pengesekkar i min barndom. No har kinesiske turistar overteke den rolla. Det er kinesarar som kjøper dei dyraste, ekte norske strikketrøyene. Kinesarar er dei nye amerikanarane.

Den gule fåren, sa ho som eg arva mitt første fargefjernsyn av. Kina var det mest folkerike landet på jorda, dertil kommunistisk. Fåtalige og uskuldige, kvite nordmenn gjorde best i å ta seg i akt og setja si lit til amerikanarane. Alle hadde ein onkel i Amerika den gongen eg hadde svart-kvitt-fjernsyn. I Kina var norske misjonærar og norske ullsokkar kasta på historias skraphaug.

Arven etter dei amerikanske onklane er oppbrukt. Kinesarane har fått eigne luksusbutikkar, der dørene berre blir låste opp for pengesterke kundar. Vi må stella fint med kinesarane, no når amerikanarane har gått i hi. Elles får vi ikkje selt laksen vår.

Kinesarar har pengar. Kinesarar er supereffektive på ein kapitalistkommunistisk måte. Dei slepp bry seg med nabovarsel og velforeiningar. Dei let seg ikkje plaga av imperialisme og kolonialisme og undertrykking og nasjonalisme og lhbt og nynorsk sidemål og mannakvote på psykologistudiet ved Universitetet i Bergen.

Snikande twitterteppe i Det kvite hus har omsider forstått at Europa går i regresjonsterapi, at det er kinesarar som no ligg frampå med heile brystkassa. Den amerikanske onkelen vår har vel banka i kistelokket. Men sjefen over Europas sjefar har 1.3 milliardar kinesarar på kuleramma si. Dei belitar seg ikkje.

Amerikanarane styrer framleis sjelelivet vårt. Amerikansk populærkultur og Facebook og Google og Insta og russiske spionar har full kontroll med underliva våre. Men det er Kina som har full kontroll med norsk laks og Erna Solberg og uigurar og tibetanarar.

Nordmenn passar best til å liggja i ro på terapibenken og kosa oss med strikkejakkane våre i rein ull. Frode Thuen og Sissel Gran kjem kinesarane aldri til å ta frå oss.