Ingen «plan B» for brexit

Britanes draume-brexit var aldri realistisk. No kan heile utmeldinga bli avlyst.

TAPTE: Håpet om ein ryddig og avtalt exit er knust. No veit eigentleg ingen kva som vil skje, skriv Morten Myksvoll.

Peter Nicholls, NTB Scanpix

Theresa May tapte kampen om brexit-avtalen i det britiske parlamentet på spektakulært vis tysdag kveld. 202 representantar stemte for avtalen hennar. 432 stemte mot, blant dei 118 av hennar eigne partimedlemmer.

Ingen statsminister har nokon sinne tapt så stort. Det normale ville vore å gå av – men ingenting er normalt i Storbritannia no.

Difor står Theresa May framleis oppreist.

Avtalen hennar er derimot knekt. Håpet om ein ryddig og avtalt exit er knust. No veit eigentleg ingen kva som vil skje.

Situasjonen i parlamentet er svært fastlåst, og det finst ikkje eitt einaste realistisk alternativ til avtalen som har fleirtal i parlamentet. Fleirtalet vil ikkje ha eit nyval eller ei ny folkerøysting. Fleirtalet vil ikkje kaste regjeringa. Fleirtalet vil heller ikkje utsetje EU-utgangen, gå ut av EU utan ein avtale eller halde fram som EU-medlem.

Det einaste det finst eit fleirtal for no, er ein betre avtale med EU. Det avviser EU. Unionen har strekt seg så langt dei kan, meiner EU-toppane.

Les også

Brexit: Dette er alternativene

Tida går. Storbritannia skal etter planen forlate EU 29. mars – med eller utan ein avtale. Skal me tru det May sa i ein tale måndag, meiner den britiske statsministeren at det no er meir truleg at landet held fram i EU enn at det går ut.

Det var meint som eit trugsmål, og det er mange trinn dei må gå før dei kjem dit. Det er likevel ikkje umogeleg at trugsmålet vert ein realitet, og at brexit blir til brexin.

Det kan vere så katastrofalt å forlate EU utan ein avtale at ei ny folkerøysting plutseleg kan kome på dagsorden.

Les også

Morten Myksvoll: Dei skulle ta kontroll frå kontinentet

No må May-regjeringa levere eit alternativ til parlamentet innan tre arbeidsdagar. Det gjorde dei mest hardbarka brexit-forkjemparane forbanna.

Sjølv etter at «plan A» falt, vil dei ikkje høyre snakk om ein «plan B». Dette er folk som vil styre Storbritannia mot avgrunnen, heller enn å innrømme at dei lova folket meir enn dei kunne halde.

Det er foreløpig uklart kva Mays «plan B» kjem til å vere. Det kan vere at ho vil rådføre seg med dei andre partigruppene og prøve å få avtalen hennar opp til ei ny vurdering. Det kan vere at ho vil forsøkje å reforhandle avtalen.

Ho kan òg foreslå ei utsetjing av brexit-fristen 29. mars, slik at folket får litt meir tid til å bli einige. May kjem neppe til å foreslå ei ny folkerøysting sjølv. Det må i så fall parlamentet tvinge henne til.

Les også

Britene ser lyst på egen økonomi, til tross for Brexit

May er uroa over det britiske demokratiet. Ho skreiv nyleg i Sunday Express at motstanden mot avtalen hennar var ein demokratisk katastrofe, og at det ville føre til eit tillitsbrot mellom folket og folkets representantar.

Ho meiner at folket allereie har gitt politikarane ein marsjordre. Det gjorde dei i juni 2016, og ordren var brexit.

Demokratiet har absolutt ikkje godt av at folkerøystingar vert ignorerte. Deira demokratiske funksjon er overvurdert, i og med at dei fleste spørsmål er nokre hakk meir kompliserte enn at ein kan redusere dei til reine ja/nei-spørsmål.

Brexit er eit slikt døme. Folk stemte ja til at Storbritannia skulle melde seg ut av EU, men dei stemte ikkje for ein slik brexit som May ville levere.

Det var heller aldri på tale å gå ut av EU utan ein avtale.

Les også

– Vi kan i det minste enes om å være sinte og skuffede

Kronargumentet mot ei ny folkerøysting skulle vere ei referanse til tidlegare folkerøystingar. May skulle tale i Stoke, for å leggje press på dei som ikkje støtta avtalen hennar.

Der skulle ho få fram kor mykje sjølv dei smalaste valsigrane er blitt respekterte tidlegare. Det kom fram i eit lekka utkast.

May hadde tenkt å seie at britiske politikarar alltid har støtta fleirtalet i tidlegare folkerøystingar. Dømet May skulle bruke, var då Wales i 1997 tok stilling til meir lokalt sjølvstyre. Folkeavstemminga enda med 50,3 prosent til ja-sida.

Alle støtta konklusjonen til folkerøystinga, påstod May i manuskriptet. Sett vekk frå ei rekkje konservative parlamentarikarar, inkludert May sjølv. Ho stemte altså mot folkeviljen.

Dei konservative inkluderte til og med eit ønskje om ei ny folkerøysting i valprogrammet sitt i 2005.

Det er rart korleis demokratiske prinsipp kan endre seg med tida.