Valet handlar om vatnet

Vasskrisa har skylt bompengeopprøret av vegen på Askøy.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

FOSSAR FRAM: Varaordførar Bård Espelid (Askøylisten) er inne i høgdebassenget som var smittekjelda for sommarens vasskrise på Askøy. Bård Bøe (Arkiv)

Den ferskaste meiningsmålinga frå Askøy tyder på fullt kaos, berre to veker før valet. Det er ingen styringsalternativ som utmerkar seg, men endringa frå sist måling er stor.

Først kom bompengeopprøret i vår, og så kom vasskrisa i sommar. Begge deler har blitt fanga opp av kvar si BT-måling.

Askøylisten fossar fram frå 1,5 prosent i mai, til 11 i august. Det må tilskrivast varaordførar Bård Espelid, som stod fram som kommunens verkelege leiar i sommar.

Folkeaksjonen nei til mer bompenger fell som ein stein, frå 22 prosent til 9,8 i same tidsrom.

Politikarar frå alle andre parti har, over heile landet, argumentert med at valkampen må handle om fleire ting enn berre bompengar. I Askøy har nok den jobben vore lettast av alle.

Kommunal infrastruktur svikta. Fleire tusen vart sjuke, og 76 personar vart behandla på sjukehus. To dødsfall vart knytt til smitteutbrotet.

Då vert bompengar ganske smått.

Les også

Vannkrisen har snudd Askøy-politikken på hodet

Frå å vere den store saka i mai, har bompengane kome litt i skuggen på denne målinga. Folkeaksjonen nei til mer bompenger fell frå 22 til 9,8 prosent frå mai til august.

Det er vanskeleg å sjå korleis FNB skal få gjennomslag for politikken sin, med dei tre mandata partiet ligg an til. Høgre har nemleg avvist å samarbeide med dei òg.

Trass framgangen til Askøylisten, er det langt frå sikkert at Espelid får halde fram med å styre Askøy. Til det tapar samarbeidspartnaren Arbeidarpartiet for mange veljarar.

Blir valresultatet som denne målinga, har Ap blitt halvert på fire år. Dei lek veljarar til nesten alle andre parti. Lyspunktet for venstresida, er at Sp er inne. Dei har framleis ikkje avklart kven dei vil samarbeide med.

Landar dei ned på den etter kvart svært breie sentrum-venstre-koalisjonen, manglar det berre eitt mandat for fleirtal.

Les også

Bompengeavtalen kan kutte prisen på månedskort med 200 kroner

På høgresida er det stillstand. Høgre, Frp og KrF har knapt endra seg frå 2015, skal ein tru målinga. Venstre, derimot, er ute av kommunestyret.

Klarar Høgre å lokke til seg Sp, vil høgresida ha like mange mandat som sist. Då havna dei i opposisjon.

Høgres Siv Høgtun har likevel avvist eit samarbeid med Askøylisten, trass i at det nærast ville garantere eit maktskifte.

Ein veg vidare, er ein storkoalisjon der Høgre og Ap samarbeider. Båe parti har vore opne for det – men det er ikkje nok. Fleire må i så tilfelle med.

Etter så store svingingar frå mai til august, er det grunn til å tru at valresultatet kan bli annleis enn denne målinga. Spørsmålet er om Askøylisten berre blir sterkare, eller om pendelen svingar tilbake til bompengeopprøret.

Det er det ingen som veit.

I denne perioden har eigendomsskatt dominert debatten på Askøy. Då Ap mista fleirtalet grunna ei utmelding i fjor, vart eigedomsskatten avskaffa. Kommunen mista då inntekter på meir enn 50 millionar kroner, mot stemmene til både ordføraren og varaordføraren.

Det betyr at kommunen må kutte hardt i utgiftene sine. Den jobben må dei neste makthavarane ta tak i med ein gong, om ikkje det skulle bli ein omkamp om skatten, då.

Den saka bør uansett avklarast raskt. Neste periodes store sak bør vere vasskvaliteten. Kommunen har svikta på eit heilt grunnleggande nivå. Det einaste ansvarlege er å sikre innbyggarane reint og trygt vatn.