Jagland undergrev «det europeiske hus»

Konflikten med Russland er ein stirrekonkurranse av stort, internasjonalt format. No har Thorbjørn Jagland blinka.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

INN I VARMEN: – No ønskjer avtroppande generalsekretær Thorbjørn Jagland å ta Russland inn igjen i varmen. Det må Noreg og alle andre medlemsland setje ned foten for, skriv Morten Myksvoll. Berit Roald, NTB Scanpix (Arkiv)

I 2014 invaderte Russland den ukrainske Krim-halvøya. Det var eit soleklart brot med internasjonal lov, og landet mista raskt stemmeretten i Europarådets parlamentarikarforsamling.

Få dagar etter vedtaket, starta borgarkrigen i det austlege Ukraina. Russland står bak. No ønskjer avtroppande generalsekretær Thorbjørn Jagland å ta Russland inn igjen i varmen.

Det må Noreg og alle andre medlemsland setje ned foten for.

Jagland vil ikkje at Russland skal melde seg heilt ut av Europarådet, og fryktar for dei politiske konsekvensane av at den einaste formelle koplinga mellom Russland og Europa blir broten.

Uroa er reell, men utspelet til Jagland er likevel svært problematisk og undergrev institusjonen han har leia i ti år.

Russland bør helst tilbake som fullverdig medlem i Europarådet. Men medlemskapen kjem med nokre plikter. Éi av dei er å ikkje invadere og okkupere andre medlemsstatar.

Dei kan først få stemmeretten sin tilbake når dei trekk seg ut frå Ukraina. Om dei heller melder seg ut av Europarådet, får så vere. Det kostar av og til dyrt å stå fast på ufråvikelege prinsipp.

Det europeiske huset står seg likevel.

Les også

Morten Myksvoll: «Russland prøver å lokke Ukraina til å starte ein open krig om Krim-halvøya.»

Jagland har levert sin siste rapport som generalsekretær i Europarådet. Der påstår han at ei utstrekt hand til Russland ikkje legitimerer landets åtak på Ukraina.

Det stemmer ikkje i praksis.

Sanksjonane mot Russlands deltaking i Europarådet kom som ein direkte konsekvens av deira invasjon av Krim-halvøya. Vert sanksjonane heva, er det openbert å framleis sjå det i samanheng med Russlands aggresjon mot Ukraina.

Det er ein samanheng Russlands president Vladimir Putin vil sjå.

Europarådets sanksjonar kjem i tillegg til ei lang rekkje sanksjonar mot Russland. Dersom Europarådet gir opp, kan det auke presset på andre lands sanksjonsregime. Det er berre Russland som tener på at dei kan operere med større straffefridom.

Europarådet eig menneskerettsdomstolen i Strasbourg, som blant anna skal beskytte den russiske befolkninga mot overgrep frå staten.

Dersom Russland ikkje lenger er medlem av Europarådet, vil ikkje lenger den russiske staten bli ansvarleggjort av Den europeiske menneskerettsdomstolen. 140 millionar russarar vil miste eit viktig vern. Det er alvorleg.

Domstolen har likevel vist seg å ikkje vere tilstrekkeleg.

Fleire og fleire land har innført eit økonomisk sanksjonsregime, for å fungere som eit tillegg til slike domstolar.

Lovene vert kalla opp etter Sergej Magnitskij som vart drepen i russisk varetekt i 2009. Den første lova vart sett i verk i USA i 2012, for å straffe dei som var skuld i Magnitskijs død. I 2016 vart lova utvida til å bli eit globalt sanksjonsregime for brot på menneskerettar.

Verkemidla er ei svartelisting av ansvarlege enkeltpersonar, som medfører blant anna frysing av bankkonti og innreiseforbod.

Les også

Debatt: Russisk propaganda svekkjer Europa

I november annonserte USA slike sanksjonar mot 17 personar for drapet på journalisten Jamal Khashoggi, som skjedde inne på Saudi-Arabias konsulat i Istanbul i oktober.

EU arbeider no med ei liknande lov, og i Granavollerklæringa står til Høgre, Frp, Venstre og KrF står det at Noreg vurderer det same.

Slike lover kan ikkje erstatte menneskerettsdomstolen, men dei kan straffe enkeltpersonar direkte for brot på menneskerettane likevel. Sanksjonane vert ekstra effektive at mange land sluttar seg til regimet.

Sanksjonane smertar ikkje berre Russland og deira befolkning. Dei smertar for Europarådet. Russland har nemleg ikkje betalt medlemskontingenten sin dei siste to åra. Det betyr meir enn 300 millionar kroner i tapte inntekter for Jaglands institusjon kvart år.

Det gjer det vanskelegare å drive Europarådets arbeid, som er å fremje demokrati og vareta menneskerettserklæringa. Ei pengeknipe er alvorleg, men det må dei 46 andre medlemslanda løyse.

Les også

Morten Myksvoll: «Carl I. Hagen lar ikkje eit folkemord eller to stå i vegen for sin nyvunne Russland-flørt.»

For ein kan ikkje kaste grunnleggjande prinsipp om suverenitet på båten for å halde seg inne med Russland. Om noko, vil denne taktikken berre gjere det klart for Russland at det ikkje straffar seg å undergrave europeiske rettsstatar.

Dersom me ikkje kan vere trygge på at Russland vert straffa hardt for sine lovbrot, kan me vere trygge på at dei vil gjere seg skuldig i nye overtramp.

Set me ikkje grensa i Ukraina, kan det kome overtramp på Balkan eller i Baltikum. Set me ikkje ei klår grense der, kan overtrampa skje hjå oss.

Små land er avhengig av ein solid internasjonal orden. Det gjeld spesielt små land som grensar til Russland. Noreg har difor alt å tene på å stå saman med Ukraina og resten av Europa.

Europarådet bør ikkje vike ein tomme.