Ytre, midtre, indre

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: STATENS VEGVESEN (illustrasjon)

All von var ute. Bjørnefjorden skulle kryssast med flytebru, eller ferjene skulle gå framleis. Midtre trasé, utan alternativ. Inntil Nye Veier, regjeringa sitt eigenavla vegselskap, berga oss. Indre alternativ, via Fusa til Os, er kome på bordet att. Nye vegar, ny strid, ny livsgneist.

Eg elskar uoppgjorte vegtraséar. Eg elskar både bybanetraséar og vegtraséar som får blodet til å koka. Tradisjonelle vestlendingar elskar alle slags traséar, inkludert jarnbanetraséar. Fundamentalistiske vestlendingar finn minst like stor kveik i traséval for E39 som i fårikål og Brann, så lenge det finst minst tre alternativ, indre, midtre og ytre trasé. Utan flerire traséar å velja mellom, kunne nasjonalistiske vestlendingar like gjerne flytta til Groruddalen og sett Netflix heile natta.

Men yngre vestlendingar forstår oss ikkje. Innflyttarar veit ikkje skilnad på indre, midtre og ytre alternativ. Vi som har hatt vegutløysing som meininga med livet, har måtta konstatera at den eine utløysinga etter den andre er overstått. Ferdig, slutt, til endes. Vi har måtta leva med tomleiken etterpå. Sveleløysa. Alternativløysa.

Vi har klamra oss til Bybanen. Bybanealternativa over Bryggen skal alltid vera utan utløysing. Vi har trøysta oss med den ferjefri Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim, som aldri skal bli ferdig. Så nær oljepengane, så langt frå statskassa. E39 skal tradisjonelle og fundamentalistiske vestlendingar alltid ha hjå seg. Ytre, midtre og indre trasé, no når Nye Veier har kome på bana.

Nye Veier har like godt hekta Fusa-traséen på ny trasé for heilårsveg mellom Bergen og Oslo, vintersikkert over Haukeli. Tre og ein halv time i 110 kilometer i timen, lokkar vegselselskapet. Endå meir for trasékåte vestlendingar å kosa seg med. Ubygde bruer, umeisla tunnelar, uferdige planar. Aust mot vest, nord mot sør. Trasé mot trasé. Vestlending mot vestlending. Netflix er for austlendingar.

Publisert: