Hybelbaronar

Asbjørn Kristoffersen

Sara Johannessen, NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Fleire konkursar blant hybelbaronane ville vore heilt greitt. No når studentar og arbeidsinnvandrarar kan velja og vraka seg husvert, er kanskje tida komen for at dei verste spekulantane blir sitjande med tredagarsskjegget i postkassa. Til pass for dei.

Vår tids Bør Børson-ar starta med ein utleigehybel i kjellaren i huset til mor si. Før dei veit ordet av det sit dei med trettifem gamle bygardar og to kjøpesenter og sju hotell. Slik kunne du også ha ordna deg, hadde du vore like spekulativ i hovudet, og leigd ut din første hybel før du var konfirmert.

No er det truleg for seint for bergenske amatørar å prøva seg på den klassiske hybelvegen til dei store pengane. Fødselstala har svikta, arbeidsinnvandringa er på retur, flyktningane er ikkje mange nok til å setja fyr i utleigemarknaden.

Det finst foreldre som har vore med i åttemillionars bodrundar for studentavkomet, har Bergens Tidende meldt. På det lågaste nivået har arbeidsinnvandrarar fylt hyblar som studentar ikkje let seg by. Når studentar blir meir storforlangande, kan dei vesentleg færre, attverande arbeidsinnvandrarane også klatra på standardstigen. Stakkars hybelbaronar.

Berre så synd at dei mest sentrale bydelane synest vera minst ramma av hybdelpesten. I airbnb-land har spekulantane hatt dei grønaste beita, og etterlete seg utpressa, gamle damer, vanskjøtta og oppsmuldra nabolag. Med Bergen kommune på slep. I dei dyraste bydelane er truleg risikoen minst for konkursar å gle seg over.

Unge spekulantar synest sikkert det er urettferdig at dei ikkje kan koma like lett til pengane som dei gamle hybelbaronane. Dei som treng hybelinntekta for å spe på pensjonen, har grunn til å kjenna på verdas urettferd. Studentar og arbeidsinnvandrarar kan sko seg på andre folks vanlagnad. Noka trøyst finst ikkje. Mennesket spår, marknaden rår.