Mission: Possible

Olaug Bollestad opna KrF-landsmøtet vel vitande om at ho leiar eit parti i motgang – men det kunne ein ikkje høyre av landsmøtetalen hennar.

PARTILEIAR: Olaug Bollestad har vore partileiar i nokre månader, etter at Knut Arild Hareide gjekk av. I helga går ho av. Då skal Kjell Ingolf Ropstad overta. Carina Johansen, NTB scanpix

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Det er berre eit halvår sidan landsmøtet var splitta i to om regjeringsspørsmålet. Retningsvalet har hengt over KrF inn mot dette landsmøtet. Det snakka ikkje Bollestad om i det heile.

På sett og vis slo Rogaland-fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal hòl på den ballongen då ho opna møtet. Ho introduserte seg som den einaste «raude» i Rogaland – Tengesdal ville nemleg at KrF skulle samarbeide med venstresida.

Med eit bilete av Tom Cruise på Preikestolen i bakgrunnen, sa ho at det ikkje var eit «mission impossible» å få partiet opp igjen.

Les også

KrF gir opp fleire kommunar på Vestlandet

Starten på landsmøtet vart litt humpete. SAS-streiken gjorde at ikkje alle var på plass då møtet starta. Før møtestart fleipa fleire delegatar med at det var bra dette ikkje skjedde før landsmøtet i november.

Då kunne dei SAS-tillitsvalde avgjort regjeringas framtid, alt etter kva fylke som vart råka mest av streiken.

Dei av oss som kom oss til Sola denne fredagen, fekk lukta av fersk gylle rett i nasen. Det kan få mange til å halde pusten; det stinkar jo. Men for dei av oss frå bygda, er det lukta av vår. Då landsmøtet starta, var det vår i lufta der òg.

For sjølv om KrF er eit parti i motgang, kunne ein ikkje sjå det på Olaug Bollestad.

Les også

Morten Myksvoll: Svenske KrF-tilstandar

Ho starta sin «fungerande partileiar»-tale med å danse til nachspiel-hiten «Tore Tang». Men ikkje fordi minnet hennar gjekk til nachspiel, men til ei sterk historie om mannens hjernebløding.

Sangen stod på i bilen på vegen til sjukehuset for 19 år sidan.

Ho måtte krangle seg til at mannen fekk ei sprøyte i ryggen for å redde livet sitt. Ho var villig til å gjere det sjølv, sa ho, sjølv om det er strengt forbode.

Bollestad lukkast i å gripe forsamlinga med både alvor og humor. Hennar personlege historie gav ho opninga ho trengde for å snakke om KrFs verdiar.

Lenge før ho tok opp KrF-gjennomslag i regjering, snakka ho om kor viktig det som skjer utanfor politikken er. Kor viktig det er med godt naboskap og gode lokalsamfunn. Og at ho først oppdaga kor viktig dei tinga var då mannen vart råka av den alvorlege sjukdomen.

Det vart hennar veg inn i partiet.

LEIINGA: Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide (frå v.), fungerande partileiar Olaug Bollestad og påtroppande leiar Kjell Ingolf Ropstad. Carina Johansen, NTB scanpix

Talen følgde så det som har blitt standarden i norsk politikk, med ei rekke døme tatt ut frå enkeltpersonar som ho har møtt. Folk som har møtt motstand frå det offentlege, foreldre som har hatt behov for betre ordningar.

Sjølv om det berre er nokre få månader sidan KrF gjekk inn i regjering, var det knapt tema i talen hennar. Det tok 30 minutt før Bollestad tok opp regjeringsdeltakinga. Då skrytte ho av endringane i pleiepengeordninga – som skjedde før KrF gjekk inn i regjering. Ordninga gjer at foreldre får erstatta tapt inntekt når dei må vere heime over lengre tid med sjukt barn.

Men ho varsla òg at regjeringa i revidert budsjett vil utvide ordninga endå ein gong. Endringa i pleiepengeordninga er noko av det KrF-arane er mest stolte av.

Bollestad har vore partileiar i nokre månader, etter at Knut Arild Hareide gjekk av. I helga går ho av. Då skal Kjell Ingolf Ropstad overta.

I hennar einaste partileiartale lukkast ho i å setje scena for det som må bli eit samlande landsmøte for KrF. Så er det Ropstad sin tur til å løfte dei.