Alt ligg til rette for ein ny, stor lærarstreik
Lærarane vart som venta lønstaparar i fjor. Lite tyder på at dei vil få noko lyft i år heller.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT
Kanskje var det nokon som såg ei lysning, då LO-leiar Peggy Hessen Følsvik sist veke sa at kommunetilsette må få meir enn andre i årets lønsoppgjer.
Ho baserte seg på førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå. Men då fasiten kom frå Teknisk berekningsutval (TBU) i dag, viste det at dei kommunetilsette slett ikkje kom så dårleg ut.
Unntaket er lærarane. Dei fekk i fjor 3,3 prosent lønsvekst, klart lågast av alle grupper. Andre tilsette i kommunane fekk i snitt 3,9 prosent, som er meir enn industriarbeidarane (3,5 prosent).
Les hele saken med abonnement