Farvel, velferdsstat

Det finst ingen alternativ til velferdskutt, meiner forfattar Jon Hustad.

Publisert: Publisert:
Maria Dyrhol Sandvik

FIASKO: «Den norske velferdsstaten er ein fiasko», meiner forfattar og journalist Jon Hustad. Foto: Brian Cliff Olguin

— I den nye boka di skriv du at «den nåværende norske velferdsstaten er ein fiasko». Kva meiner du?

— Skal ein velferdsstat dømast i eit langtidsperspektiv, må den vere berekraftig. Det er ikkje den norske.

- Fleire samfunnsøkonomar, mellom andre Kalle Moene, seier at dei nordiske landa ikkje vart velferdsstatar fordi dei var rike, men at dei vart rike fordi dei er velferdsstatar. Tek han feil?

-Kalle Moene snur ting på hovudet. Dei nordiske landa er suksessar fordi dei har institusjonar som gjev høg tillit. Min bestefar hadde høg tillit til sine medmenneske, lenge før folketrygda var eit faktum.

- Er ikkje velferdsstaten nettopp ein slik tillitsskapande institusjon, som verktøy for å jamne ut ulikskapar mellom folk?

— Eg kan vere med på at større ulikskapar skaper mindre tillit. Men det er ikkje relevant, all den tid den velferdsmodellen vi har ikkje er berekraftig. Vi kan reformere den no, eller vente på at den skal kollapse.

- Kva er dei største trugsmåla mot velferdsstaten, slik du ser det?

— Uføre- og sjukmeldingsbølgje, eldrebølgje og innvandringsbølgje.

- Sidan avtalen om inkluderande arbeidsliv kom i 2001, har sjukefråveret gått ned?

— Jo. Men i eit generasjons-perspektiv har talet vore stigande sidan syttitalet. Men det har stige for kvinner og ikkje for menn. Kvinner har eit 71 prosent høgare sjukefråvær enn menn. Etter at Noreg vart ein del av EØS, har tala stabilisert seg, men det er fordi dei fleste arbeidsinnvandrarane er unge menn. Etter kvart syner det seg at også dei blir mindre lønsame.

- Du meiner at den einaste grunnen til at kvinner har høgare sjukefråvere enn menn, er rause velferdsytingar?

— Ja.

- Eg deler uroa di for auken i uføretrygda. Forskarar peikar på økonomiske insentiv til å ikkje jobbe som ein mogleg grunn til auken. Men det blir også synt til endringar i skule og arbeidsliv som har gjort det lettare å falle utanfor?

— Det kan delvis vere ei forklaring. Men det er klart at dersom vi ikkje hadde velferdsstat, hadde vi hatt fleire arbeidsplassar for ufaglærte. Dessutan er det noko av ei myte at det er så få låg- produktive arbeidsplassar i Noreg. Vi har jo arbeids- innvandring fordi vi har slike arbeidsplassar.

- Du skriv at «stadig flere nordmenn oppdager at de ikke trenger å arbeide». Men vi er vel blant verdas best sysselsette og mest produktive land?

— Produktivitetsveksten har nesten forsvunne sidan 2004. Har du stor tilgang på billig arbeidskraft, så har du ikkje insentiv til å investere i å auke produktiviteten. Når du har fire polakkar til å bere, slepp du å kjøpe byggheis. Og ja, vi har høg sysselsetjing, men kvar person som jobbar i Noreg jobbar stadig mindre.

- Du har til dels meiningsfeller i tankesmia Civita, der du lanserte boka di på måndag. Men dei har eit anna syn på arbeidsinnvandring enn deg?

— Eg er ingen hemningslaus liberalist, men ein ganske konservativ kar. Velferdsstat, i ein meiningsfull forstand av ordet, må tyde innafor grensene til nasjonalstaten. Vil ein berge velferdsstaten, må ein avgrense innvandringa. Eg vil helst berge velferdsstaten.

- Ronald Reagan snakka om «Welfare queens», som køyrde rundt i Cadillac medan dei heva trygd. Slik skapte han eit fiendebilete av «dei» i samfunnet som lever på kostnad av «oss». Er du uroa for å bidra til det same?

— Ja og nei. Eg er mest oppteken av økonomien i dette, og den går altså ikkje opp. Innvandring og EØS er heilage kyr i den norske debatten. Eg meiner Noreg har mykje å lære av Sveits. Dei har sagt nei til EØS, og har innført eigne innvandringskvotar.

- Dersom vi kuttar i velferda, vil du då vere villig til å akseptere meir innvandring?

— Vi må ha mindre av begge deler. Dessutan: Dersom Noreg kuttar i offentlege budsjett, vil innvandringa gå ned.

- Tankesmia Manifest Analyse har med utgangspunkt i Perspektivmeldinga lansert alternativ til velferdskutt, til dømes auka skattar. Det syner jo seg også at folk er viljuge til å betale meir for framleis velferd?

— Det kjem til å kome skatte-aukingar uansett. Om vi held fram som no, er underdekninga på statsbudsjettet 750 milliardar. Alle trygdeavgifter og inntektsskatt frå alle nordmenn i år er på 395 milliardar. Manifest er ikkje noko som seriøse menneske treng å lite på.

- Sjølv om mange røysta på Høgre ved haustens val, tyder lite på eit folkekrav om store samfunnsendringar. Dersom velferdsstaten er så truga, kvifor stemmer ikkje folk for større kutt?

— Det norske samfunnet er i dag eit godt samfunn, og det er heil naturleg at folk er nøgde. Eg ønskjer heller ikkje mindre velferd, dersom eg får bruk for det vil eg gjerne ha så høg trygd og pensjon som mogleg.

- Er du litt mistruisk til demokratiet?

— Ja, kanskje det. I boka siterar eg amerikanaren Benjamin Franklin, som sa at «Demokratiet er to løver og eitt lam som stemmer over kva ein skal ha til lunsj». Svært få nordmenn har eigen-interesse i å stogge veksten i offentlege budsjett.

- Syner ikkje til dømes pensjonsreforma at vi er i stand til å justere kursen når vi må?

— Eg skulle ønskje pensjonsreforma fungerte som modell for resten av velferdsstaten. Samstundes er den ikkje nok: Levealderen aukar meir enn folks arbeidstid.

- Både kapitalistane i verds- økonomiforumet i Davos og tidsskriftet «The Economist» har i etterkant av den økonomiske krisa synt positiv interesse for «The Nordic Way». Kva trur du det kjem av?

— The Economist rosar både Sverige og Danmark, som kuttar i og reformerer velferdsstaten. Det gjer ikkje Noreg. Då Göran Persson gjekk av som statsminister i Sverige, sa han at «Når folk oppdagar kva eg har gjort med pensjonane deira, kjem dei til å sjå på meg som satan sjølv».

- Har du tru på at ei ny regjering vil endre kurs?

— Ikkje på kort sikt, fordi vi har Oljefondet. Men etter kvart vil kutta tvinge seg fram. Økonomien vil innhente oss, rett og slett.

Jon Hustad

Forfattar og journalist

Tilsett i vekeavisa Dag og Tid

Aktuell med boka «Farvel Norge - velferdsstatens fremtidige kollaps»

Kjend frå TV2-programmet «Harde Fakta»

Publisert: