Industriavvikling - med Aps velsigning?

I helga stod industriherren Jens Ulltveit-Moe fram på Høgres årsmøte og tok til orde for å avindustrialisera Noreg.

  • Olav Kobbeltveit
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 15 år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Bjølvefossen i Ålvik tek han på ordet. I går fekk vi veta at ferrosilisiumproduksjonen der snart er historie. Etableringa skjedde i 1905. No går 160 arbeidsplassar tapt. Det er eit hardt slag for Ålvik og Kvam kommune, som ikkje har så mange andre bein å stå på. Men kunne det gått annleis?

Avviklinga av den kraftkrevjande industrien i Ålvik er ein varsla katastrofe. Det har lenge vore allmenn kunnskap at den eine av to kraftkontraktar på billeg industristraum går ut til årsskiftet. Då vil Bjølvefossen måtta kjøpa krafta til oppunder dobbel pris, og det gir smått med profitt. Den overordna omlegginga av den gamle ordninga, med subsidiert kraft til kraftkrevjande industri, var det brei politisk semje om.

Men høyrde vi ikkje eitkvart i valkampen — frå Arbeidarpartiets talsmenn og -kvinner - om at eit nytt industrikraftregime skulle skipast om dei kom til makta? Arbeidarpartiet hadde så absolutt ein viktig bodskap til dei einsidige industristadene, som fatta håp om ei framtid likevel.

No sit Arbeidarpartiet som dominerande partnar i regjeringa, med både statsminister og næringsminister. Det er fleire enn arbeidsfolk og familiar i Ålvik og Kvam som vil følgja nøye med korleis næringsminister Odd Eriksen turnerer denne saka. Har mannen frå Nordland noko lurt i verktøykassa si, noko Børge Brende ikkje hadde? Pessimistane trur ikkje det, og ikkje Thorbjørn Hansen frå Høgre heller. Han meiner tida for såkalla industrikraft til ein billeg pris er ugjenkalleleg forbi. No er det marknaden som rår.

Det er ofte vanskeleg å vera samd med Hansen, men her har han truleg rett. Arbeidarpartiet går seg inn i ei blindgate dersom dei returnerer til fortidas løysingar. Kunsten no er å finna fram til nye løysingar - for ei ny tid - som kan gi ei ny og annleis framtid for einsidige industristader. Dei gamle løysingane duger ikkje lenger. Men det betyr ikkje at politikarane nødvendigvis skal halda fingrane frå fatet.

Problemet er at politikarane - frivillig - har gitt frå seg mykje handlingsrom dei siste tjue åra. Ein aggressiv marknad har ete seg inn på det som før var ein politisk arena - og politikarane har late det skje. Difor var det at dåverande næringsminister Ansgar Gabrielsen (H) laut erkjenna at verktøykassa var tom. Han stod makteslaus og såg på at store kontraktar, som normalt skulle gått til norske verft, hamna i Spania.

Ålvik er Arbeidarparti- og SV-land. Det var der det var 1. mai-feiring med smell i. No blir arbeidsstokken på Bjølvefossen redusert frå 160 til - i beste fall - femti. Gjenvinning av industriavfall er det sikraste alternativet.

Den endelege og formelle avgjerda om å flytta produksjonen til eit Island med billeg kraft tek Elkem-konsernet i august. I mellomtida skal næringsminister Odd Eriksen og statsminister Jens Stoltenberg få romsleg med tid til å forklara kva dei meinte då dei i valkampen snakka om eit nytt industrikraftregime. Vi er mange som er spente på svaret.

Publisert
BT anbefaler

Sjekka kor mange som var inn­lagde av andre årsaker: – Eg er litt overraska

Sjukehuset ventar at fleire vil ha covid-19 som tilleggsdiagnose framover.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Smitte i familien? Dette er reglene som gjelder nå.

  2. Mann til sykehus etter trafikkulykke i Alver

  3. 33 evakuerte fikk tilbud om hotell etter brann i Bergen sentrum

  4. Ansatt mistenkt for seksuell relasjon til barne­verns­barn. Ledelsen ville ikke anmelde.

  5. Gutten måtte på sykehus, moren ble siktet: – Hun er fortvilet over at det gikk så langt

  6. Hver kveld får hun høre ordene som får henne til å kjempe videre