Ny by med blodskrift?

«Menneska sitt totale samanbrot». Det kalla ein talsmann for FNs høgkommisær for flyktningar, situasjonen i Aleppo.

BOMBET: Røyken stiger over Øst-Aleppo etter bombenedslag. REUTERS

Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær WWF Verdens naturfond

Nett no, skjer det. Eg kan nesten merke kjensla di. «Vi må jo gjere noko» tenkjer du, men veit samstundes at du ikkje kan – og dessutan skal du køyre barn på ei trening om ti minutt.

Eg har lyst til å reise meg frå kontorpulten min på Stortinget, gå ut av huset og skrike ut. «Nok no, dette er galskap. Ikkje igjen!» Som om det ville hjelpe. I staden skriv eg ferdig denne teksten, før eit møte eg har – med syrarar i Noreg faktisk.

Millionbyen Aleppo er Syrias største. Ein av verdas eldste byar. Eit viktig handelssenter, rik på kunst og intellektuell kraft, med ein historisk unik gamleby og magiske basarar. Vi snakkar om ein by som har vore sentral i å utvikle vår sivilisasjon. Ein by som no opplever samanbrotet i vår sivilisasjon.

Meir enn 100.000 menneske er no omringa i det austre Aleppo, over 70.000 har flykta inn i regjeringskontrollerte område med den risikoen det kan medføre for dei. Regjeringsalliert milits går frå dør til dør og likviderer folk, melder UNHCR. Hundrevis av sivile er avretta i gatene, ifølgje Norsk Folkehjelp.

Les også

Frøy Gudbrandsen: - Assad blir, krigen fortsetter. Så mye verre blir det ikke.

Syriske regjeringsstyrkar med støtte frå Russland har over tid bomba område i og rundt Aleppo, og rykkjer no fram for å overta byen etter fem år med krig. Opprørsgruppene som har kontrollert delar av byen er i ferd med å tape. Alle seier vi har gjort for lite, og det har vi. Men kva skulle vi gjort? Det er ikkje så heilt enkelt å peike på. Sjølv om det framstår tamt og nesten meiningslaust i dag, er det likevel ei meining i å forstå kvifor dette skjer.

Kvifor har verda svikta Syria og Aleppo så fundamentalt dei siste åra? Syria er eit land der dei fleste av verdas stormakter har sterke interesser, og alle dei regionale stormaktene har det. Midtausten, inkludert Syria, er strategisk viktig for USA av ei rekke grunnar. Syria er samstundes eit særleg viktig land for Russland, då det er eit av dei få i regionen som står dei nær.

I tillegg har alle dei regionale stormaktene sterke interesser her. Iran og Saudi-Arabia kjempar om hegemoniet i Midtausten, og den kampen står mellom anna i Syria. Nabolandet Tyrkia er nervøs for at den kurdiske minoriteten skal få kraft og sjølvstende, og har sterke interesser i å hindre det.

Det vert ofte sagt at folkemordet i Rwanda kunne utvikle seg fordi ingen brydde seg. Krigen i Syria fekk utvikle seg fordi alle brydde seg – med motsette interesser. Den vert ofte kalla ein «proxy/stedfortreder-krig», fordi det ikkje berre er partane som kjempar mot kvarandre, men like mykje partar som står bak dei. Det har gjort det vanskelegare å skape fred, og å bli samde om ei løysing.

Krigen i Libya er etter mitt syn også ein del av bakteppet. Tryggingsrådet gav mandat til ein militær operasjon i NATO-regi for å beskytte sivile i den libyske byen Benghazi. Kina og Russland stemte avhaldande, noko som i realiteten betydde at dei aksepterte operasjonen. Men i vekene og månadane etter vart mandatet strekt – ja kanskje til og med brote – og målet for operasjonen vart eit regimeskifte i Libya.

Det snudde store delar av verda mot den. Russland og Kinas forståing av det som skjedde er at dei det viste seg at ikkje kunne stole på dei vestlege stormaktene, og at det var feil å akseptere ein slik intervensjon. Berre månadar etter Libya braut krigen i Syria ut, og Libya-bakteppet vart særs negativt for tilliten mellom sentrale aktørar.

Les også

Bystyret gir én million til Syria

Det har ikkje mangla forsøk på våpenkvile og fredsløysingar i Syria. Men det har kanskje mangla på kraft og tyngde bak? For Syria-krigen, og den desperate situasjonen i Aleppo, kjem jo ikkje akkurat i globalismens mest skinande stund i nyare historie. Den vestlege verdas merksemd har trekt innover mot økonomi, innvandring og terror.

I Europa og Nord-Amerika har finanskrise og år med lågare økonomisk vekst og arbeidsløyse gjort viljen til å finansiere utvikling mindre. Framveksten av ytre høgre og konfliktar rundt migrasjon har redusert viljen til å ta mot flyktningar mange stader. Hovudsaka for vestlege land i Syria og Irak dei siste åra har vore å nedkjempe den bestialske terroren frå IS. Forståeleg nok, men Assad-regimet står bak langt fleire av dødsfalla i Syria enn alle andre aktørar til saman.

Krigen i Syria var i mange år ein krig mellom partar utan evne til å vinne eit avgjerande slag, å svekkje den andre parten så sterkt at krigen vart avgjort. Alle partar heldt fram, i trua på at dei kunne vinne. Det gjer ei fredsløysing vanskeleg. Det som har bikka balansen er etter alt å døme Russlands engasjement på regjeringsstyrkane si side. Russland vil sitje med eit stort medansvar for det som no skjer når rekninga skal gjerast opp.

FN, som har leia forsøka på ei fredeleg løysing, kan slik organisasjonen fungerer i dag ikkje bli meir enn summen av viljen og evna til medlemslanda. Det finst hendingar og stader som er skrive inn med gullskrift i historia. Bautaer for menneskeleg mot og handlekraft, solidaritet og humanitet. Normandie, der dei allierte styrkane omsider samla seg til å innleie det siste store slaget mot Nazi-Tyskland og redda Europa frå diktaturet. Robben Island, der Nelson Mandela sat fengsla i 27 år. Han kom ut, ikkje som ein bitter mann, men som ein mann som søkte forsoning for sitt folk.

Les også

– Vesten satte seg selv ut av spill i Syria

Så finst det stadar og namn som står med blodskrift. Der all humanitet tok slutt, og verda svikta både i tanke og handling. Min generasjon vil hugse Rwanda, der opp mot ein million menneske vart drepne i eit planlagt og systematisk folkemord i stor grad utført av vanlege menneske, og Srebrenica, der tusenvis av bosniske muslimar vart drepne – det største massemordet på europeisk jord etter andre verdskrigen.

No er det Aleppo som står i fare å bli ein by vi skriv med blodskrift. Taparen, som alltid, er dei passive tilskodarane. Frisøren, arkitekten, torghandlaren, skuleguten. Dei sivile, som vi gjerne kallar dei. Dei som lever liva sine som meg og deg. Millionar har allereie flykta frå Syria, over 300.000 har mista livet i krigen. No risikerer enno fleire heimen sin – livet sitt.
Måtte vi framleis – om eit år, eller ti – forbinde rik historie og kultur med Aleppo, ikkje nok eit humanitetens samanbrot.