Kjent og litt kjedeleg

Olav Kobbeltveit kommenterer Dagfinn Høybråtens landsmøtetale.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er dei kristne verdiane – dei gamle kristne verdiane – som skal prega fanene til Kristeleg Folkeparti denne valkampen.

Dermed startar partiet med eit noko meir defensivt utgangspunkt enn under tidlegare regime. Det er tolv år sidan Valgerd Svarstad Haugland og Kjell Magne Bondevik gjekk til val på kontantstøtta. Det gav KrF rekordoppslutnad med 13,7 prosent – og same hausten skipa KrF sentrumsregjering saman med Sp og Venstre.

**Les óg:

Les også

Høybråten i strupen på regjeringen

Høybråten i strupen på regjeringen**

Høybråten i strupen på regjeringenKontantstøtta vart ein realitet, og eit stykke på veg ein suksess. KrFs suksess. Men han har vore litt dalande, etter kvart som den raud-grøne regjeringa har gjennomført lovnaden om full barnehagedekning. Dagens KrF, under Dagfinn Høybråten, kjempar no for at kontantstøtta i litt utvida form skal overleva også neste stortingsperiode. Men det blir ikkje same flukta over kontantstøtta anno 2009 som det var i 1997.

Dermed meiner Dagfinn Høybråten det er tryggast å gripa til dei gamle kristne verdiane. Det var dei som prega talen hans til landsmøtet i føremiddag, og då må du kanskje vera medlem i partiet – eller aktiv kristen på frilansbasis – for å bli oppeldna og kveikt. Sett sånn litt frå utsida var det ein litt kjedeleg tale.

Men så er ikkje Dagfinn Høybråten heilt Jon Lilletun, eit faktum han så vidt var innom. Dagfinn Høybråten er ein dugande politikar med teknokratiske trekk, godt inne i korleis dei politiske mekanismane fungerer. Men bodskapen hans er ofte meir solid enn spektakulær, og framføringa i traustaste laget. Spede forsøk på humor er berre delvis vellukka.

Til gjengjeld kan landsmøtelyden vera sikker på at mannen har oversyn og veit kva han snakkar om, og at det eine heng i hop med alt det andre.

Høybråten meiner kristendommen i dagens Noreg er i ein utsett posisjon. Åtaka kjem i første rekkje frå den raud-grøne regjeringa. Dei maktar det – etter Høybråtens oppfatning – kunststykket å gjera kristendommen til eit problem. K-en er fjerna frå KRL-faget i skulen er fjerna. Bordvers og skulegudstenester blir problematisert. Den statlege pengemakta trugar trussamfunn til å justera meiningane sine til det staten meiner. Dette gir oss, slik Høybråten ser det, eit trongare samfunn – i toleransens namn.

Dette treffer eit publikum langt utover KrFs indre krins. Og då har vi enno ikkje kome til Høybråtens glansnummer, som naturlegvis galdt SVs famøse vedtak i Bergen om å avvikla alle privatskular. Det er ifølgje Høybråten ikkje berre sosialisme på sitt verste. Det er totalitært. Og det har han vel rett i.

KrF er lite imponert over regjeringas – og særleg finansminister Kristin Halvorsens – kamp mot fattigdommen. Høybråten vil kjempa hardare, med basis i kristendommens gamle verdiar. Han vil også kjempa utanlands, i den fattige verda, og her plasserte han nådestikket i buken på Frp: Han blir kvalm av parti som vel å kutta i hjelpa til verdas fattige for å finansiera gigantiske skatteletter for dei rikaste i Noreg.

KrF er like avvisande til Siv Jensen som Venstre. Ingen diskusjon. Israels-venene sitt framlegg om å lefla med Carl I. Hagens flokk – framsett av blant andre Karl Johan Hallaråker – blir knapt teke seriøst av landsmøtet eller partileiinga.

Skal KrF i regjering må det skje saman med Høgre og Venstre. Det inneber at Kristeleg Folkeparti etter alt å dømma kjem til å vera opposisjonsparti i Stortinget i perioden 2009–13.

Kva synest du om KrFs politikk. Sei di mening her.

Publisert
  • Olav Kobbeltveit