Ebolamodus på legekontoret

Ei av helsesekretærane har meldt seg til å vera vår koronatestar. Avansert munnbind og ein diger, gul frakk gjev assosiasjonar til ebolautbrotet.

Publisert Publisert

Eg har lagt ned strengt forbod mot at legane har kontakt med mistenkt smitta, med mindre det er heilt nødvendig med ei fysisk, medisinsk vurdering, skriv kommuneoverlege Ingebjørn Bleidvin. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT

Onsdag kveld, førre veke. I vår kommune kom det fyrste varselskotet for epidemien for 13 dagar sidan, med ein koronatest som heldigvis var negativ. Etter dette har skota kome tett i tett, med eskalerande kaliber.

Fyrst ein del enkelttestar her og der som alle kom tilbake negative. Desse var basert på at folk hadde vore på reise og så blitt sjuke.

Deretter ein som forårsaka ein god del naglebiting: me får beskjed via Folkehelseinstituttet om at ein tilsett ved ei større lokal bedrift må testast, fordi det er påvist smitte på flyet hen tok heim for litt sidan.

Hen er frisk, var ikkje i ein smitteregion og har jobba blant ei rekke kollegaer heile veka. Dersom denne testen er positiv, er smitten allereie nesten ute av kontroll. Heldigvis slapp me med skrekken der òg.

Les også

Forrige dagboknotat fra doktor Bleidvin: Førre krig

Når me faktisk får vårt fyrste tilfelle, oppstår det komplikasjonar.

Også her gjeld det ein person som ikkje var i smittefarleg område, men som har sete på eit fly der det i ettertid er blitt påvist smitte blant passasjerane.

Slik forgreinar epidemien seg brått og uføreseieleg frå eit reisefølge i Buskerud til ein nabopassasjer i Nordland.

Problemet er at eit familiemedlem av den smitta sit i kommuneleiinga.

Heilt teoretisk kan ho ha utsatt mange andre i leiinga for smitte dei siste dagane. Folkehelseinstituttet seier imidlertid at sjansen er så liten at me ikkje treng å setta dei i karantene.

Brått sit eg og smittevernlegen med eit dilemma: Me kan bryta med FHI sine råd og setta heile leiinga i forebyggande karantene.

Det vil vera strengare enn dei offisielle anbefalingane, og vil generera mykje lokal merksemd.

Mange vil utvilsomt skulda leiinga for å «beskytta seg sjølve», eller føla usikkerheit ved at så viktige deler av samfunnet allereie er ramma.

På den andre sida: Hvis den teoretiske mogelegheita slår til og leiinga faktisk er blitt smitta, vil alle leiinga har vore i kontakt med også måtta i karantene. Det vil lamma organisasjonen fullstendig.

Me landar på å tilrå karantene for leiinga inntil me har testa familien til den smitta personen.

Det blir ein del merksemd rundt det.

Beredskapsmessig er det eit veldig naturleg grep. PR-messig ser det imidlertid dårleg ut å setja kommunedirektøren i karantene mens skulane fortsatt er opne.

Me prøver å forklara via media og Facebook etter beste evne, men forstår at folk er både kritiske og bekymra. Heldigvis kjem også denne testen tilbake negativ.

På sida av det direkte smitteoppsporingsarbeidet, har kommuneoverlegane i regionen kontakt fleire gonger dagleg denne veka for å koordinera tiltak.

Me begynner å stenga ned arrangement, konsertar og andre aktivitetar. Fyrst dei store, så dei små.

Forestillinga «Vaffelhjarte» med Riksteateret, som me sjølve i familien hadde billettar til og gleda oss i månadsvis til å sjå, ryk med i dragsuget.

Langt verre: Den lokale revyen, med titals frivillige og utallige dugnadstimar, er snart klare for opningsforestilling. Dei må avlysa.

Eg jobbar berre deler av tida mi som kommuneoverlege. Resten er eg fastlege, og kjem difor veldig konkret inn i situasjonane eg skal laga retningslinjer og planar for.

Korleis er stemninga på legekontoret i denne perioden?

Ein av helsesekretærane er godt over snittet opptatt av epidemien. Ho har fått det venlegsinna tilnamnet Korona-Marte, og tok tidleg på seg å sikra at me hadde nok verneutstyr.

Ho har lest alt ho har kome over om dette, og listar opp produkttypar og sikkerheitsklassar og godkjenningar så eg knapt klarar å henga med sjølv.

Ho har saumfare nettsidene til byggleverandørar og veterinærgrossistar for å sikra eit tilstrekkeleg lager, ettersom våre vanlege leverandørar slit med tomme hyller.

Eg har lagt ned strengt forbod mot at legane har kontakt med mistenkt smitta, med mindre det er heilt nødvendig med ei fysisk, medisinsk vurdering. Heldigvis har ein anna av helsesekretærane meldt seg friskt og frivillig til å vera vår koronatestar.

Når ho går bortover korridoren med briller, avansert munnbind og ein diger, gul frakk, får eg assosiasjonar til toget av ambulansar og bilar som følgde den fyrste, og einaste, ebolapasienten i Norge frå flyplassen til sjukehuset for nokre år sidan.

Det verkar framand, overdrive og ukjent. Det er ikkje sånt som skjer her. Det er underleg å gå heim frå jobb denne onsdagskvelden.

Enno er ting nesten normale. Enno går barna på skulen. Enno går folk på jobb. Eg var til og med hos frisøren, eit par-tre veker på overtid.

Eg var først innom ein stad, så neste, men begge hadde fulle lister. Eg vurderte å droppa det, men tok turen innom den tredje frisøren, og der var det ledig.

Det skulle visa seg å vera lurt. Neste dag blei Norge stengt ned.

Publisert