Lærarane har tapt kampen om løn og status. Det vil vi alle tape på.

Det er ikkje rart ungdommen sviktar læraryrket.

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i BT

Få har betre grunn til å streike enn lærarane, som i ei årrekke har fått mindre lønstillegg enn andre, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Eirik Brekke

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Dei store taparane etter streiken i offentleg sektor er lærarane, sjølv om ein ut frå medieomtalen skulle tru det var sjukepleiarane.

I motsetning til sjukepleiarane har lærarane hatt ei elendig lønsutvikling dei siste 17 åra, sjølv om dei to gruppene i år ser ut til å få om lag like tillegg.

Og medan sjukepleiar er den mest populære utdanninga i landet, fell søkjartala på lærarskulane som ein stein.

Det siste handlar ikkje om at regjeringa innførte eit krav om fire i matte for å bli lærar. Fjernar du det kravet, slik dei raudgrøne partia vil, fjernar du berre symptomet, ikkje årsaka. Tvert om vil det bidra til å redusere statusen ytterlegare.

Årsaka til at ungdommen sviktar, er at læraryrket står fram som eit trist og hardt yrke, med låg status og utakk som løn. Ei undersøking Utdanningsforbundet publiserte i januar viste at over halvparten av lærarane vurderer å slutte. Det får dei unge med seg.

Den fallande statusen er politisk skapt, og står i sterk kontrast til kor viktig yrket er for Noregs framtid. All internasjonal forsking viser at ingenting er viktigare for ein god skule enn kvaliteten på lærarane.

Det seier då òg Høgre, og alle andre parti. Men dei handlar ikkje deretter.

Løna er ein viktig del av problemet, men ikkje alt. Vel så viktig er det at lærarane er blitt umyndiggjorde.

Heilt sidan den nyliberale vendinga på 1980-talet, har skiftande regjeringar påført lærarane stadig fleire krav til rapportering. Lærarane har med rette oppfatta det som ei mistillitserklæring.

Ei anna side av denne vendinga var at læraren gjekk frå å vere ein autoritetsperson, til å bli ein tenar.

I tråd med den nye ideologien for offentleg styring, som gjerne blir samla i omgrepet New Public Management, har foreldre og elevar blitt kundar og lærarane tenesteytarar. Og i eit slik forhold har kunden som kjent alltid rett.

Difor brukar norske lærarar i dag mykje tid til å dokumentere det dei gjer, slik at kravstore elevar, foreldre og deira advokatar ikkje skal ta dei på noko.

Eg forstår godt lærarar som blir lei og føler at samfunnet på denne måten mistrur dei og deira ønskje om å gjere det beste for elevane. Nei, eg vil ikkje tilbake til spanskrøyret og kadaverdisiplin, men slik systemet er no har det gått for langt andre vegen.

Og så har du løna. I 1999 dokumenterte den no avdøde utdanningsforskaren Geir Høgsnes at lærarar og andre høgt utdanna i det offentlege hadde hatt ei langt svakare lønsutvikling enn andre grupper i samfunnet, heilt sidan 1970-talet.

Med Trond Giske (Ap) som utdanningsminister fekk lærarane eit kraftig lønsløft i på byrjinga av 2000-talet, mot at dei underviste meir.

I 2004 endra Kristin Clemet (H), som tok over etter Giske, lønsforhandlingane. Lærarane fekk ikkje lenger forhandle med ein relativt rik stat, men med dei langt fattigare kommunane. Då byrja ein ny økonomisk nedtur for lærarane.

I 2019 fann eit partsnedsett utval ut at lærarane sidan 2004 hadde fått 14,1 prosentpoeng mindre i lønsvekst enn andre tilsette i kommunar og fylke. Utviklinga held fram i fjor, der lærarane fekk dei lågaste lønstillegga av alle. Langt under prisstiginga.

Ein viktig årsak til det lange fallet, er at lærarane har hatt problem med å få sympati i folket. Ein grunn er myten om lærarferien.

Sjølv om dei ekstra fridagane om sommaren er avspasering for at lærarane har lengre arbeidsveke enn andre elles i året, er «lærarferien» noko folk likar å hate. Det gjev arbeidsgjevarane lett spel.

Dei som verkeleg taper på denne utviklinga er ikkje lærarane sjølve, men Noreg. Norske politikarar i alle parti er svært så opptekne av skulen. Knapt noko felt er belemra med så mange, ivrige politiske klåfingrar.

Og dei har jo rett i å engasjere seg: ein god skule er ekstremt viktig for at eit høgkostland som Noreg skal klare seg i framtida. Men då kan ikkje våre folkevalde samstundes stå å sjå på at statusen til læraryrket held fram med å søkke ned i ein sump, der alt ein kan høyre er ei fjern ramling av tomme politiske tønner.

Denne krisa for læraryrket, ja eg meiner det er eit rett omgrep, er 100 prosent politisk skapt. Stortinget og regjeringa har store ambisjonar, men har overlate til kommunane å styre løna.

Det første som bør skje, er difor at lønsforhandlingane for lærarane igjen bør flyttast til staten, og at kommunane så må bli 100 prosent kompensert for den lønsauken regjeringa meiner må til for å løfte yrket.

Det neste som bør skje er at regjering og Stortinget slepper opp noko av kontrollen av lærarane, og reduserer foreldre og elevars makt i skulen.

Eg trur ikkje dette vil skje, fordi både politikarar og foreldre likar den makta dei har fått. Men det er korttenkt, feigt og dumt.

Publisert
  1. Lønnsoppgjør
  2. Utdanning
  3. Lærere
  4. Økonomi
  5. Politikk

Les mer om dette temaet

  1. – Neste gang må lærerne kreve minst 100.000 kr

  2. Denne søppelhaugen utløste tvungen lønnsnemnd

  3. Sykepleierne leder lønns­veksten i offentlig sektor

  4. Streiken er over: – Utidig og frekt

BT anbefaler

Barne­hager får ikke nok barn: – Har måttet si opp ansatte

– De små barnehagene taper terreng i kampen om barna. Det er trist.

LES SAKEN