I ein av dei første gymtimane dottera mi hadde på ungdomsskulen skjedde følgjande: Etter symjeturen, vel oppe på bassengkanten, kom læraren bort til henne. Han gav henne ein karakter. For den tekniske utføringa av symjeturen.

Er det rart ungane blir karakterfikserte?

Ungdomsskulen dottera mi gjekk på stod fram som antitesen til den eg sjølv byrja på i 1979. Ikkje for det: vi òg hadde karakterar (bokstavar, ikkje tal). Men lærarane la større vekt på innsats, ikkje berre prestasjonar. Spesielt i «mjuke» fag som gymnastikk.

Den største forskjellen mellom den gong og no ligg likevel i hovuda til elevane, i haldninga til karakterar: Hadde du gode karakterar den gongen, burde du halde det for det sjølv. Med mindre du var ekstremt kul og tøff i tillegg, fekk du fort eit stempel som «strevar». Det var ikkje bra.

Ein eller annan gong mellom då og no har dette endra seg. I dag er ikkje gode karakterar noko du skammar deg over. Flokkens logikk gjeld framleis – du bør ikkje stikke deg for mykje ut. Men no veit både elevane og foreldra at gode karakterar er viktige, for å kome seg inn på rett vidaregåande, og derfrå vidare til dei rette faga på høgskular og universitet. Karakterane er òg eit statussignal, om kven som har ei lys framtid.

Heile samfunnet er fokusert på utdanning og prestasjon. Alle prognosar viser at du i framtida vil ha problem med å få deg jobb viss du ikkje tek ei utdanning. Så presset er der. I dag er ikkje frykta å bli ein strevar, men ein tapar.

SKULEREFORM: «Vi må lære noko unikt, som ikkje maskinene kan konkurrere med», sa Alibaba-gründer Jack Ma nyleg til verdseliten i Davos. Den digitale revolusjonen gjer at vi må tenkje nytt når det gjeld skulen, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Markus Schreiber / TT / NTB Scanpix

Difor er det verkeleg bra at mange ungdomsskular no prøver å dempe karakterjaget. BT kunne for eit par veker sidan fortelje at nær halvparten av ungdomsskulane i Bergen har tona ned karakterbruken, for å redusere stress og betre læringa. I går kunne Aftenposten fortelje at det same skjer i Oslo.

Ved Åstveit skule på Tertnes får elevane no berre karakterar til jul og sommar, dei to første åra på ungdomsskulen. Alt anna, som karakteren dottera mi fekk i symjehallen, blir i staden gjeve som tilbakemeldingar om kva ein bør jobbe meir med. Altså fokus på innhaldet i faget, ikkje på målestokken.

For det var det som er problemet med dei stadige karaktersetjingane, som mange skular framleis driv med: at elevane blir så fokusert på karakterane og så stressa at det går ut over læringa.

I januar stod den kinesiske internettgründeren Jack Ma på ein talarstol i skibyen Davos, der verdas økonomiske elite held sitt årlege toppmøte. «Lærarane må slutte å lære elevane kunnskap», sa Ma. «Vi må lære noko unikt, som maskinene ikkje kan konkurrere med», sa Alibaba-sjefen vidare og ramsa opp: Verdiar, tru, sjølvstendig tenking, lagarbeid, omsorg for andre, kunst.

Framveksten av kunstig intelligens og robotar vil utan tvil krevje mykje av oss framover. Mange jobbar vil bli erstatta av maskiner. Då gjeld det at menneska blir gode på det maskiner ikkje kan.

Norsk skule har eit godt utgangspunkt. Den har vore ein av dei beste i verda til å utdanne kreative lagspelarar som evnar å tenkje sjølv. Det er viktig at vi forstår kva konkurransefortrinn vi har her, og utdannar nysgjerrige, kreative og empatiske menneske.

Det politiske søkelyset på norsk skule dei siste 15 åra vore å få opp kvaliteten på faktakunnskapen, etter dei såkalla Pisa-sjokka på byrjinga av 2000-talet. Mange av tiltaka har vore rette. Sjølvsagt må norske elevar lære seg matte og norsk. Men det er viktig korleis vi går fram for å lære dei det, og alt det andre, for den del.

Den digitale revolusjonen krev nytenking. Så sjølv dei som hatar mjukradikale pedagogar i flagrande gevant, dei som drøymer om konkurransekraft og økonomisk vekst, sjølv dei må opne opp for at det finst fleire vegar til himmelriket.

Det siste vi treng er å gjere ungane våre om til gledelause puggerobotar.