Tyrkia er splitta på midten

Halve Tyrkia er lukkeleg. Halve Tyrkia er skuffa. Og det er ingen teikn til forsoning etter at Erdoğan vann nok eit val.

VANN VALET: No skal Erdoğan styre i fem år til. I teorien tillèt grunnlova han å sitje fram til 2032, gitt nye valsigrar. Då vil han ha styrt Tyrkia i 30 år, skriv Morten Myksvoll. TT NYHETSBYRÅN

Skru tida tilbake til laurdag, då Muharrem İnce (CHP) leia ei euforisk millionmønstring i Istanbul.

Allereie i timane før İnce gjekk på scena, var stemninga euforisk. Den opplevinga folk sat igjen med då dei gjekk frå møtet, må ha vore ein så enorm kontrast til korleis dei føler seg no. Dei eg snakka med då, var overbevist om at dei kom til å vinne.

Dei eg snakka med natt til måndag, var frustrerte. Dei var sinte fordi dei hadde hatt eit håp. Fleire sleit med motivasjonen for å halde fram med å kjempe. Ein Twitter-brukar skreiv at han ikkje ville forvente noko meir av livet. Han skulle leve med like mykje kjensler som ein brokkoli.

İnce såg ut som han kunne hamle opp med Erdoğans karisma. Så vart det plutseleg stille. No skal Recep Erdoğan (AKP) styre i fem år til. I teorien tillèt grunnlova han å sitje fram til 2032, gitt nye valsigrar.

Då vil Erdoğan ha styrt Tyrkia i 30 år.

Val skal gi svar. Det tyrkiske valet har ført med seg ei rekkje med spørsmål.

Økonomien er forverra, prisstiginga er stor og valutaen har falt kraftig. Men Erdoğan, han styrkja seg samanlikna med fjorårets folkeavstemming. Korleis kunne det skje?

Muharrem İnce har drive ein energisk og god valkamp. Seinast på laurdag samla han kanskje så mange som fem millionar menneske i Istanbul. Likevel gjorde han det dårlegare enn CHPs førre presidentkandidat. Korleis kunne det skje?

Det høgrenasjonalistiske partiet MHP har nærast underlagt seg AKP og Erdoğan. Partiet er blitt splitta sidan sist val, og dei har knapt drive valkamp. Men resultatet deira er uforandra frå 2015. Korleis kunne det skje?

Les også

Erdogan erklærer valgseier i Tyrkia

Teoriane er mange. Opposisjonen skuldar på valjuks og manipulering av oppteljinga.

Det statlege nyheitsbyrået Anadolu Ajansi rapporterte svært høge tal for Erdoğan tidleg søndag kveld. Det har blitt ein slags tradisjon. Så søkk tala i løpet av oppteljinga.

Opposisjonen meiner at dette er ei kynisk utveljing av kva tal ein rapporterer først, for å få opposisjonens observatørar til å gå heim frå stemmelokala.

Les også

Morten Myksvoll: Den sterke mannen kan falle

Tyrkisk vallov seier at alle som vil, kan observere oppteljinga av stemmene ute på vallokala. Så lenge observatørane er til stades, er risikoen for storstilt juks liten. Viss folk trur at slaget er tapt og går heim, kan det bli lettare å jukse.

Det er ein interessant teori, men opposisjonen har elles lite konkret å vise til. Ja, det var ein del hendingar i løpet av valdagen som må definerast som valjuks, men omfanget er uklart.

CHP dreiv òg det som no ser ut til å vere desinformasjon. I fleire timar hevda dei at tala viste Erdoğan godt under dei nødvendige 50 prosentane han trengde for å vinne valet i første runde.

Det er godt mogeleg at CHP var like kynisk som Anadolu Ajansi i utveljinga av kva tal dei rapporterte først.

STEMMESEKK: Ein mann er på veg for å levere stemmesetlar til ein valsentral i Diyarbakır, søraust i Tyrkia. Emre Tazegul, TT NYHETSBYRÅN

Noko av det me har eit skikkeleg godt svar på, etter søndagens val, er at opposisjonen må endre seg.

CHP stod i front for alliansen som utfordra Erdoğan, men dei står òg fram som den fremste taparen. Ikkje berre fekk presidentkandidaten deira færre stemmer enn forventa, men partiet gjorde det òg dårleg.

Ein del CHP-veljarar stemte taktisk på HDP. Teorien var at viss det prokurdiske partiet kom over sperregrensa, så ville ikkje Erdoğan og AKP få fleirtal i parlamentet.

HDP kom over sperregrensa, men MHP gjorde det såpass godt, at fleirtalet til den alliansen er sikra.

Les også

Erdogan går til valg med mediene i lommen

Den taktiske stemmegivinga kan samtidig ha ført til lekkasjar i den andre enden. CHP er, historisk sett, eit nasjonalistisk parti. Det er ikkje alle veljarane deira som er så komfortable med ein meir prokurdisk politikk.

Det kan ha ført til at ein del CHP-veljarar heller stemte på eit anna nasjonalistisk parti.

Håpet til İnce og opposisjonspartia, var at dei skulle vere sterke nok til å tvinge Erdoğan til ein andre valomgang. Der skulle veljarane til opposisjonspartia samle seg under éi fane.

Den splittinga av CHP som søndagens val viste, tyder på at İnce neppe ville vunne den andre valomgangen.

Les også

– Når Demirtas er i fengsel, er vi alle sammen i håndjern

VIKTIG HIJAB: Erdoğan dreiv ein ganske svak valkamp, men det kan virke som om han trefte med sitt gjentatte poeng om at İnce ville ta frå kvinnene hijaben, skriv Morten Myksvoll. Lefteris Pitarakis, TT NYHETSBYRÅN

Valresultatet gir eit innblikk i korleis Erdoğan-veljarane tenkjer. Det kan sjå ut til at hans posisjon er meir frikopla frå den økonomiske situasjonen enn det den har vore tidlegare.

To ting tilseier det. Det mislukka kuppforsøket i 2016 har gitt Erdoğan ein opphøgd status, som mannen som temja militæret. I tillegg er det nok mange religiøst konservative som frykta at CHP skulle ta frå dei fridomane som Erdoğan-styret har gitt dei.

Det er godt mogeleg at ein religiøst konservativ set meir pris på at presidenten er «ein av dei» og at kvinner får ta høgare utdanning med hijab, enn kva matvareprisane er akkurat no. Erdoğan dreiv ein ganske svak valkamp, men det kan virke som om han trefte med sitt gjentatte poeng om at İnce ville ta frå kvinnene hijaben.

İnce har sjølv nekta for at han vil gjere dette, og fleire i hans nære familie går sjølv med hijab. Men CHP har ingen god historie når det kjem til religionsfridom, sett frå dei konservatives ståstad.

Les også

Tyrkias økonomisk krise svekker Erdogan før valget

Når me ser på valresultatet, bør me hugse at valkampen ikkje var rettferdig gjennomført. Me må ikkje tolke ting som om det var eit val i Noreg. Tyrkia har lange tradisjonar med både frie og rettferdige val, men det har vore tydeleg at partia ikkje har kjempa på like vilkår no.

Opposisjonen ser ut til å innsjå at dei har tapt. Men dei er sinte og frustrerte over at dei heile tida kjempar i motbakke. Det håpet som İnce tente denne valkampen, viser at det er sterk motstand mot Erdoğan. Men valet viste òg, trass store svakheiter, at støtta hans framleis er sterk.

No kan Erdoğan styre med dekret i fem år. Halve befolkninga er lukkeleg for at det skjer. Halve befolkninga er skuffa. Og det er ingen teikn til forsoning mellom dei.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.