Vesle vitet det strekk ikkje til, FN lyt støtta oppunder. Og regjeringa. Regjeringa må skulera pressa i rett ordbruk, oppfordrar FN. Det er Erna Solberg viljug til å skriva under på, sjølv om Frp stretar mot. Neste veke fer ho til Marokko for å signera FNs migrasjonserklæring.

Nei, statsministeren er ikkje ute etter å stoppa kjeften på norske fotballfruer. Føremålet er av det gode slaget. FN slår på stortromma i Marrakech for at media skal tuktast til å driva med rett ordbruk og misjonering for migrasjon. Feil ordbruk skal straffa seg. FN vil at regjeringa skal kutta statleg støtte til mediekanalar som systematisk fremjar intoleranse, framandfrykt, rasisme og andre former for diskriminering mot innvandrarar.

Dei som kolporterer slike uhumskskapar skulle naturlegvis hatt i ræven. Mange fleire enn statsministeren kan skriva under på at mediefolk treng å bli haldne i øyra. Av mange grunnar og mange slags ordbruk og feilar både her og der. Det kryr av uoppdregne folk. Nokon skulle tukta dei. FNs raudblyant kan koma vel med i påkomande tilfelle.

Norsk Redaktørforening finn det rett nok problematisk at regjeringa ønskjer å signera migrasjonserklæringa. Offentlege styresmakter skal ikkje instruera media, krev redaktørane. Men Erna Solberg vil ikkje vera ved at ho stiller seg i vegen for pressefridomen og ytringsfridom. Denne FN-erklæringa er nemleg ikkje juridisk bindande, påpeikar regjeringa. Ho skal berre tolkast som ei moralsk viljeserklæring, spesielt nyttig for å bli kvitt uønskte utlendingar, har eg forstått. Då er det visst ikkje så nøye med FNs ordbruk.

Så slepp regjeringa utgiftene til omskulering av tusentals mediefolk og oppretting av eit nytt ordretteprogramdirektorat. På den andre sida blir det mindre å spara på kutt i støtte til medier med systematisk feil ordbruk. Dei som godt kunne tenkt seg ein FN-jobb med raudblyant, må venta på ein ny sjanse. Ytringsfridom er ei forhandlingssak.