Ein siger for Frp

Regjeringa aukar oljepengebruken endå meir. Dei som har mest grunn til å vere fornøgd er Framstegspartiet.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

SJEFEN: Frp-leiar Siv Jensen har god grunn til å vere fornøgd. Sidan ho tok over som finansminister i 2013 har oljepengebruken auka med over 100 milliardar kroner. Det bør glede Frps kjerneveljarar, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Junge, Heiko / NTB scanpix

Kvar har det blitt av dei konservative i Høgre? Dei som veit å hushaldere med pengar, dei som ikkje aksepterar at landet lever over evne, dei fiskalkonservative? Ein ting er sikkert: Det er ikkje dei som styrer Noreg for tida.

Statsbudsjettet, som Høgre-Frp regjeringa la fram i dag, ber meir preg av Framstegspartiets syn på offentleg pengebruk enn det ein tradisjonelt har forbunde med Høgre. I takt med veksten i oljefondet på 2000-talet gjorde Frp meir bruk av oljepengar til ei vinnarsak. Det fanst ikkje den ting Frp ikkje hadde pengar til.

I regjering har dei tøyla seg, og styrt etter handlingsregelen. Men fordi oljefondet har blitt så mykje større har dei kunna auke oljepengebruken mykje, utan å bryte regelen. Budsjettunderskotet auka med 20 milliardar i året, pengar som vart henta frå oljeinntekter og oljefondet.

Dette var rett nok ikkje berre Frps politikk. Oljepengebruken møtte liten motstand i Høgre, noko den truleg heller ikkje ville gjort i Ap. Arbeidsløysa etter oljeprisfallet i 2015 rettferdiggjorde politikken.

Les også

Får god hjelp av bedre tider

No er krisa over, ifølgje regjeringa sjølv. Likevel vil dei auke oljepengebruken neste år. Regjeringa legg opp til å bruke 2,9 prosent av verdien av oljefondet, seks milliardar kroner meir enn i år. Det kan bli tre prosent når dei skal kjøpe seg støtte frå KrF og Venstre.

Resten av opposisjonen vil òg kunne foreslå dyre tiltak som det kan bli vanskeleg for KrF å ikkje støtte, og dermed påtvinge regjeringa.

Dei verkelege problema med pengebruken ligg ein del år fram i tid, som eg kjem tilbake til. Men den kan òg skape problem for denne regjeringa allereie neste haust: I 2018-budsjettet legg regjeringa opp til å auke bruken av oljepengar med seks milliardar kroner, før forhandlingane med støttepartia. Dei neste tre åra må må denne veksten ned til 4,5 milliardar i snitt, viser prognosene for oljefondet i Nasjonalbudsjettet.

Og det kan bli fort bli langt mindre, viss regjeringa vil halde handlingsregelen (maks tre prosent av verdien av oljefondet). Viss krona styrkar seg vil oljefondet kan bli langt mindre verdt, målt i kroner. Det same vil skje viss aksjene fondet investerar i blir mindre verdt.

Når regjeringa har kunne auka oljepengebruken så mykje dei siste fire åra utan å bryte handlingsregelen, skuldast det nettopp at svekka krone har blåst opp verdien av oljefondet. Det kan fort snu, noko som åleine burde gjort regjeringa meir forsiktig, noko mellom anna førsteamanuensis Torfinn Harding ved NHH har peika på.

Heile poenget med å vere forsiktig med oljepengebruken er å hindre at staten hamnar i luksusfella, med eit forbruk som må kuttast kraftig når det blir mindre pengar. Ein kraftig vekst i eldre vil i tiåra framover gjere at staten må ut med langt meir til pensjonar, helsehjelp og omsorgstenester.

Regjeringas eiga perspektivmelding viser at staten vil gå med fem milliardar meir i minus kvart år frå 2030. Regjeringa meiner det kan løysast ved at det offentlege blir meir effektivt og at dei som i dag er utanfor arbeidslivet kjem inn. Men begge delar er vanskeleg å få til. Kanskje vil det ikkje gå. I så fall må anten skattane aukast, eller utgiftene kuttast. Det kan svi.