Kalkulator-Høgre vender heim

Oljepengefesten er over. Høgre må hente fram kalkulatoren att.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

MJUKT VELFERDSPARTI: Som regjeringssjef har Solberg forsterka biletet av Høgre som eit mjukt velferdsparti, ved å auke offentlege budsjett kraftig. No må ho stramme inn, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Med to valsigrar som fasit må ein kunne seie at Høgres snuoperasjon etter valtapet i 2005 har vore ein suksess. Partiet analyserte seg sjølv og fann ut at folk oppfatta dei som eit kaldt lommebokparti, eit parti med kalkulator i staden for hjarte. «Vi har vært fornuftige og flinke, men oppi det hele har vi kanskje glemt menneskene og bare tenkt på milliardene», som Erna Solberg formulerte det i 2011.

Som regjeringssjef har Solberg forsterka biletet av Høgre som eit mjukt velferdsparti, ved å auke offentlege budsjett kraftig. Og det utan at folket har trengt å betale for det. Solberg har berre brukt meir oljepengar.

No er det slutt på moroa. Siv Jensens (Frp) folk i Finansdepartementet seier veksten i oljepengebruken dei neste fire åra blir maks 15 milliardar kroner, mot 96 milliardar dei siste fire åra.

I statsbudsjettet som Høgre og Frp snikrar på for tida, skal veksten i oljeinntekter ned frå 24 milliardar i år til maks åtte milliardar neste år. I 2019 skal den vidare ned til 2–3 milliardar.

Denne veksten er så liten at den vil kjennest som kutt. Mykje av veksten er allereie bunden opp i tidlegare lovnader, mellom anna til vegar, jarnbane og forsvar. I tillegg kjem ein venta vekst i pensjonar og helse- og omsorgsutgifter. Og det er før støttepartia Venstre og KrF har fått sitt.

Les også

Grandes fire krav før borgerlig toppmøte 

Den rause bruken av oljepengar var mykje av grunnen til at Solberg klarte å halde dei fire samarbeidspartia samla i fire år. Det var pengar nok til alle: vegar og eldreomsorg for Frp, gründerfond og miljøtiltak for Venstre, pengar til fattige, svake og familiar for KrF og skattelette for Høgre.

Likevel vart fleire av budsjettforhandlingane til store drama. I fjor haust heldt det på å ende i regjeringskrise, då Høgre og Frp møtte Venstre med ultimatum om den såkalla bilpakken.

Akkurat bilpakken viser at heller ikkje meir pengar løyser alle problem, sidan det handla om å auke avgiftene på fossilbilar. Så sjølv om Solberg kan smørje støttepartia med andre politiske gjennomslag, viser bilpakke-saka at dei lett kan støyte på indre motsetnader i koalisjonen.

I budsjettforhandlingane, som no står for døra, er sjølvsagt pengar viktig. Det handlar vel så mykje om kvar kutta kjem, som kva postar som blir påplussa. Spesielt for eit KrF som vaklar i trua på heile regjeringsprosjektet. Kutt til svake grupper kan vippe dei over til raudgrøn side.

I alle høve på sikt. For budsjettet for neste år blir ikkje den hardaste prøvesteinen i perioden. Det er først til neste haust det verkeleg byrjar å bli vanskeleg, når veksten i oljepengar skal ned til nesten ingenting. Då skal Solberg vere veldig kreativ med kalkulatoren for å få likninga til å gå opp.

Det første som ryk er truleg lovnadene om skatteletter. Høgre har viseleg nok berre utstyrt seg med lause formuleringar om skattereduksjonar, men i nærleiken av dei 25 milliardane Solberg nemnde i eit avisintervju kjem dei neppe. Frp har lova det dobbelte, noko som sjølvsagt er endå meir urealistisk.

Det skal òg bli interessant å sjå kva som skjer med forsvarsbudsjettet, som regjeringa har sagt skal opp til to prosent av BNP. Det er òg ein mogeleg salderingspost.

Eldreomsorga vil truleg bli skjerma, sidan det er ei hjartesak for både Frp og KrF. Venstre er det minst utgiftskåte partiet i samarbeidet. Å endre skattesystemet i grøn retning treng ikkje å koste staten noko i tapte inntekter. Men som bilpakken viser vil dei her møte Frp på bilisme, og Høgre på oljenæring, mellom anna.

Andre hjartesaker vil kjempe om pengar, som Høgres satsing på skule og forsking og KrFs kamp for svake grupper og distrikt.

Les også

Hans K. Mjelva: Arvingen Jonas Gahr Støre

Dei siste fire åra har Solberg-regjeringa sjøsett ei rekkje reformer, dei fleste med mål om å gjere offentleg sektor betre og meir effektiv. Det kosta i form av eit distriktsopprør, som spesielt KrF og Venstre måtte svi for.

Det komande tiåret vil krevje fleire reformer. Men mangelen på oljepengar som smørjemiddel vil gjere dei endå meir krevjande å få gjennom. Spesielt fordi regjeringa no er avhengig av begge støttepartia for fleirtal, ikkje berre eitt som i førre periode.

Ting har òg endra seg undervegs i førre periode. KrF seier tvert nei til at kommunar kan slåast saman med tvang. Det vil gjere ei vidare kommunereform, som Høgre ønskjer seg, svært vanskeleg.

I perspektivmeldinga som regjeringa la fram i vår, er ei av hovudløysingane for framtida å få fleire i arbeid. Problemet vart nyleg aktualisert med nye utrekningar frå Nav som viser at eitt av fem årsverk går tapt, fordi folk går på trygd, er sjuke eller arbeidslause. Talet har ikkje endra seg dei siste 12 åra.

Det tyder på at politikken ikkje har fungert. Men Høgre har sjølv vraka sitt eige forslag om å kutte i sjukelønsordninga. Interessant nok skjedde det ved at partileiinga stoppa eit forslag på landsmøtet i 2013, nettopp for å bli kvitt stempelet som kaldt kalkulatorparti.

Saka illustrerer at Høgres venstredreiing ikkje berre har vore retorisk. Partiet vil neppe finne tilbake til seg sjølv med det første. I august avviste Erna Solberg blankt LOs påstand om at dei vil snu og kutte i sjukeløna om dei vann valet.

Reformer for å effektivisere velferdsstaten er sjeldan populære, noko Jens Stoltenberg (Ap) fekk merke i form av tidenes dårlegaste valresultat i 2001. Stoltenberg fekk fullført det han byrja på etter han i 2005 vart leiar for ei fleirtalsregjering.

No går landet fire år i møte med det som ser ut til å bli ei mindretalsregjering med skjørt grunnlag. Det kan fort bli fire år der lite skjer.