Den bitre pilla

KOMMENTAR: Kva er det eigentleg Hans Ebbing, Atle Møen og Alf Gunvald Nilsen vil ha av nasjonen?

FORSVAR: Sidan valet har Frp måtte forsvare seg. Her er nestleiar Ketil Solvik-Olsen på partiets pressekonferanse med internasjonale medier tidlegare i veka. Roald, Berit

Alt oppstår i eit klima, også ein mann som Anders Behring Breivik, redaktørar eller marxistar. Så langt er eg samd med dei som har kommentert artikkelen min førre fredag, «For dei grå blant oss».

Der vi skil lag er i fortolkinga av 22. juli, og det oppgjeret Noreg, ifølgje sterke krefter særleg på venstresida, skulle ha tatt.

Mitt konkrete utgangspunkt for kommentaren var eit lesarinnlegg sosiolog Alf Gunvald Nilsen fekk på trykk på The Guardians nettstad «Commentisfree» dagen etter valet. Her slår han fast at valresultatet tyder på at Noreg ikkje har lært noko av Anders Bering Breiviks ugjerningar.

Under teksten ligg ei forventning om eit kollektivt oppgjer: Vi har husa ein Behring Breivik i vår midte — utan å seie ifrå. Hadde vi tatt oppgjer, ville valresultatet ha sett annleis ut, er hypotesen.

Eller som Ali Esbati, sjølv Utøya-overlevande, frå tankesmia Manifest skreiv i Dagbladet 23. juli i år: «To år etter terrorhandlingen er det tydeleg at det norske samfunnet ikkje har greidd å bearbeide hendelsen på denne (politiske, red. mrk) måten. «Fremmedhatet er tilbake», skriv han - og samanliknar debatten om romfolket - og debatten kring velferdsstaten, men utan å gjere greie for dei nyansane desse diskusjonane har i seg.

Det einaste rette vil, med eit slikt lys på seg, vere ikkje å diskutere utfordringar ein har med å møte folkevandring i ei global verd. For gjer ein det, har ein ikkje lært - og ein er framandfiendtleg. Kva om forklaringa bak valet er at folk ikkje lenger vil laste Frp for Breivik?

Eg set moglegvis Esbati på spissen, men ikkje meir på spissen enn det Hans Ebbing (SV) gjer i sitt svar til meg (BT 18.09). Der ber han meg, i fullt alvor å gjere greie for skilnaden mellom ein kulturmarxist (ABBs hatobjekt) og eit «venstreradikalt nettverk», eit ord Ketil Solvik-Olsen (Frp) nytta om sosiolog Alf Gunvald Nilsen.

Alf Gunvald Nilsens politiske ståstad blant marxistar er elles eit tasttrykk unna for den som lurer. Svaret mitt til Ebbing er at det ikkje gjer nokon til ABB-ar å peike på ein meiningsmotstandars politisk tilhøyrsle.

Eg vil framleis hevde at det fleire djupt problematiske aspekt ved «med oss-» «mot oss»-retorikken både Esbati og Nilsen (og Ebbing) presenterer.

Eitt er at det gjer ein fruktbar diskusjon om velferdsmodellens grenser vanskeleg. Det er eit faktum at Noreg, saman med Sverige, har tatt mot fleire innvandrarar enn noko anna vesteuropeisk land. Det er mange gode argument for at det er rett, men det har sine kostnader, som særleg Oslo, men også fleire norske byar er i ferd med å oppleve. På nokre skular i Oslo er såkalla etnisk norske elevar i mindretal.

Det var heller ikkje Framstegspartiet, men Brochmann-utvalet, som - under ein SV-minister - først peikte på kva kostnader auka innvandring også har.

Vel så problematisk blir det når ein overfører tanken om oppgjer og skuld på ei kvar anna ugjerning ein kvar annan stad i verda. Neste gong ein muslimsk terrorist slår til, vil det då vere legitimt å be alle muslimar ta eit kollektivt oppgjer? Er udåden i Syria folkets skuld? Kor går den grensa? Eller er det berre den kvite mann (og kvinne) som kan ta på seg ei slik skuld - på vegner av Vesten?

Eit tredje problematisk aspekt er at det gjer ei kvar anna tilnærming til kvifor Behring Breivik vart massemordar, som mogleg omsorgssvikt under oppveksten, til eit trugsmål mot hovudforklaringa: ein mann som vart radikalisert av det han såg rundt seg, som utførte ein politisk terroraksjon i eit politisk betent klima.

I eit slikt perspektiv var det at redaktør i Ny Tid, Dag Herbjørnsrud, kalla det for ein tragedie om Aage Borchgrevinks bok, «En norsk tragedie» om ABB og vegen til Utøya, ei bok som skildrar terroristens oppvekst «blir stående som en sannhetsfortelling».

Kva som forma ABB er det alt skrive fleire bøker om. Han var ingen einsleg ulv, som Øyvind Strømmen, forfattar av bok om høgreekstreme i Europa, har slått fast. Behring Breiviks forvirra manifest er, som det også er skrive bindsterkt om, eit klipp- og lim-verk. Her er lite tankegods som ikkje er teke frå anna hald, mellom anna bloggaren Fjordman.

Like mykje diskutert er forholdet hans til Framstegspartiet, som han var medlem av i fleire år, eit parti som i augneblinken forhandlar om regjeringsmakt, til utanlandsk presses store undring.

Sidan valet har også Frp måtte forsvare seg. Partiet har gått ein underleg kanossagang mellom blitslampane - og ein får underlege utslag, som Siv Jensens kviskring til Erna Solberg om ikkje å kommentere omgrepet «snikislamisering», og ein like klar nestleiar Ketil Solvik-Olsens avstandstaking frå same ordet.

Heilt utan referanse til 22. juli, kunne Erna Solberg - og Siv Jensen nytta høvet til å parkere ordet.

Heilt utan refereranse til Utøya kunne Siv Jensen og partileiinga også tydeleg ha tatt til motmæle mot ordbruk blant eigne tillitsvalde.

Hans Ebbing hevdar at eg «avviser ei kvar form for samanheng mellom Frps framgang og korleis terroren seinare er blitt melta i nasjonen sine ideologiske fordøyingsorgan».

Det eg avviser er tanken om eit kollektivt fordøyingsorgan, ei kollektiv skuld, ei kollektiv soning.

Kva bitter pille Ebbing meiner nasjonen skulle ha tatt etter 22. juli, veit eg ikkje.