Erna Solberg er ikkje statsminister lenger. Alle hugsar det, sant?
Interessa for Høgre-leiaren er unormalt stor.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator i BT
Dei siste vekene har statsminister Jonas Gahr Støre forsøkt å styre landet, medan Erna Solberg har reist rundt og fortalt korleis ho kunne ha styrt landet.
Interessa har vore nesten like stor for det siste som for det første.
Eks-statsministeren har turnert Vestlandet, Trøndelag og Sør-Austlandet til trass for at det ikkje er val før om eitt år.
Det hindra ikkje riksmedia og lokalaviser å køyre på med saker om alt frå Høgres krav om vegbygging, korleis Solberg ville løyst straumkrisa til korleis unge tyske turistar blotta rumpene sine for henne.
Ein skulle nesten tru at det var ein ekte statsminister som var på tur. Men det er jo ikkje Erna Solberg lenger. Alle hugsar det, sant?
Les hele saken med abonnement