«Frp har leita fram ei gammal suksessoppskrift. Men først måtte dei rydde på heimebane.»

Fredag var eit snev av den gamle Sylvi Listhaug tilbake.

Publisert Publisert
  • Gerd Margrete Tjeldflåt
    Gerd Margrete Tjeldflåt
    Kommentator
Sylvi Listhaug er på veg til å finne forma på sitt Frp.

Verdiar er under åtak. Fridom står på spel.

Blant fiendane er både despotar og tyrannar som drep folk, og Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum som flår folk.

Oljearbeidarar er fridomsheltar.

Sylvi Listhaugs første landsmøtetale som partileiar sparka litt i alle retningar, nesten som i gamle dagar. Ho utnemnde sitt eige parti til fridomens siste skanse.

Det er ei stund sidan me har høyrt slikt frå Framstegspartiet (Frp).

Kanskje vitnar det om eit parti som er i ferd med å finne tilbake til forma.

Forventningane til helgas Frp-landsmøte er eigentleg låge. Det vil seie, sjølve landsmøtet. For etter eit døger blir pressa send heim, men partifolka blir verande. Dei går direkte over i ein intern, lukka konferanse, for å diskutere sin nye, overordna strategi.

Det blir truleg det mest spennande som skjer på Gardermoen denne helga.

Les hele saken med abonnement