Ap trekkjer seg tilbake til Austlandet

I juli 2017 delte Ap-leiar Jonas Gahr Støre ut roser utanfor Cornerteateret på Møhlenpris. No anar ein at dei fine orda på Møhlenpris berre var tomt prat, skriv kommentator Hans Mjelva.

Statsbudsjettet viser at fire år med Vestlands-frieri var tomme ord frå Jonas Gahr Støre.

Publisert: Publisert:

I juli 2017 stod Jonas Gahr Støre utanfor Cornerteateret på Møhlenpris og delte ut roser. Ap-leiaren hadde lagt opninga av valkampen til Bergen, og sola skein.

«Hvis Vestlandet lykkes, lykkes også Norge», sa Støre. Signala var klåre: no ville det raude partiet vinne ein landsdel som tradisjonelt er meir blå enn resten av landet.

Havet var det nye gullet, og satsing på havnæringane ei av toppsakene til Støre.

Sidan gjentok han både forteljinga og slagordet kvar gong han vitja landsdelen, seinast i valkampen i fjor.

I oktober leverte partiet sitt første eigensnikra budsjett. Der fjerna dei ei av dei viktigaste havsatsingane i den marine hovudstaden, samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokken.

Ein ting hadde vore å utsetje prosjektet i eit stramt budsjett, men dei droppa heile greia for godt.

Les hele saken med abonnement