Parlamentarismen har aldri fungert betre i Bergen

Rune Bakervik (Ap) kan bli byens siste byrådsleiar, dersom bystyret i neste periode går inn for å skrote parlamentarismen.

Likevel vil mange politikarar skrote styreforma, og gje frå seg makt til byråkratiet.

Publisert: Publisert:

Opposisjonen var nær med å få fleirtal då bystyret diskuterte styreforma i Bergen i førre veke.

Avstemminga var utan konsekvens, for det må uansett opp til ny vurdering i starten på neste periode. Sjansen for eit skifte er uansett låg.

Eg tar neppe stor risiko når eg spår at Arbeidarpartiet eller Høgre skal leie ein koalisjon etter neste års val. Dei er for parlamentarisme.

Forhandlingane blir difor byrådsforhandlingar.

Debatten i førre veke var likevel interessant. Argumenta som vart brukt mot den bergenske parlamentarismen, får meg til å mistenkje at ikkje alle veit godt nok korleis styreforma er meint å fungere.

Det er jo ei utfordring, 22 år etter den vart innført.

Les hele saken med abonnement