No bør alarmen gå for læraryrket
Søkjartala til lærarutdanninga stuper. Det er på tide at våre rygglause folkevalde blir stilte til ansvar.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT

Søkjartala til høgare utdanning, som kom i dag, måndag, er eit solid spark frå ungdommen til våre folkevalde.
Ingen utdanningar fell meir enn lærarutdanningane. Talet på søkjarar er redusert med 22 prosent frå i fjor.
Dette kjem på toppen av fall i åra før. Sidan 2014 er søkjartala til lærarutdanningane nær halvert.
Betre enn noko anna viser dette at skulepolitikken i Noreg er styrt av folkevalde utan evne til langsiktig og ansvarleg tenking. Både i kommunar, regjering og på Stortinget har politikken vore ein katastrofe.
For det hjelper ikkje å kome med stadige skulereformer (og dei har det ikkje mangla på), når politikken samstundes undergrev rekrutteringa av lærarar.
Som eg og andre har gjentatt ofte: All forsking viser at ingenting betyr meir for kva ungane lærer enn kvaliteten på læraren. Då må dei beste søkje seg til yrket.
Det er to hovudgrunnar til at læraryrket er blitt stadig mindre attraktivt: Byråkratisering og løn.
Byråkratiseringa av læraryrket har skjedd over fleire tiår. Det handlar dels om at foreldre og elevar har fått auka rettar, som mellom anna gjer at lærarane må dokumentere at dei gjer jobben sin for å unngå skuldingar om det motsette.
Det handlar òg om andre obligatoriske krav til kontortid og rapportering. Og det handlar om nasjonale testar.
Regjeringa har gått til val på ei «tillitsreform», men førebels har lite skjedd for å avbyråkratisere kvardagen til lærarane.
Tvert om la kunnskapsminister (og komande Ap-stjerne) Tonje Brenna nyleg fram eit forslag til ny opplæringslov, som mellom anna vil lovfeste at skulane skal følgje opp elevar som har fråvær.
Det kan sjølvsagt vere bra for desse elevane, viss det fungerer. Problemet er at dette, som så mange andre krav, et av tida til lærarane. For kvar kunnskapsminister kjem det nye krav, og få blir tatt bort.
Læraranes ulykke er at slike pålegg er politikaranes favorittmåte å verke handlekraftige på. Men det må ta slutt, viss Brenna og andre ønskjer å bli tatt alvorleg.
For kvart krav blir arbeidsdagen til lærarane mindre og mindre meiningsfylt. Dei vil bruke tida på å lære ungane noko, ikkje å sikre at dei og skuleleiinga har ryggen fri. Eller å gjere foreldras jobb, som i dette tilfellet.
Så her må det kuttast kraftig.
Så har du lønsutviklinga: Lærarane har ikkje berre tapt i høve til nær alle andre grupper dei tre siste åra.
Forsking viste i 1999 at dei hadde tapt sidan 1970-talet. Det førte til solide lønshopp åra etter. Men sidan 2004 har dei fått over 15 prosentpoeng mindre i lønstillegg enn andre tilsette i kommunar og fylke.
Tapet i høve til folk med tilsvarande høg utdanning i privat sektor er endå større.
Torsdag kan kommunepolitikarane vise at dei har forstått alvoret. Då byrjar lønsforhandlingane i kommunal sektor.
I fjor prioriterte kommunane helsepersonell. Lærarane tapte og gjekk ut i tidenes lengste lærarstreik.
I år bør lærarane bli vinnarane.
På toppen av det heile kjem ein skremmande grad av vald i skulen, der eit velmeint vern av elevanes rettigheiter har gjort lærarane forsvarslause.
Her må betre rutinar på plass, foreldre og elevar må stillast til ansvar, og barnevern og andre tenester må ta seg av ungane som slit.
Lærar har, som alle andre, krav på ein trygg arbeidsplass.
Og til den som måtte meine at fallet i søkjartala skuldast at lærarane snakkar ned sitt eige yrke: Nokon må seie frå at det går i feil retning, og då må ein nødvendigvis fortelje det som det er.
Problemet forsvinn ikkje berre fordi ein lyg, eller snakkar fram yrket, som rygglause politikarar og skuleleiarar gjerne seier det.
Problemet er der, og den einaste måten å få gjort noko med det på er å få det fram i lyset.
Å få snudd utviklinga i læraryrket er ei av dei viktigaste politiske sakene framover. Noreg er hjelpelaust i konkurransen med andre land i framtida, viss vi ikkje har ei grunnutdanning i verdstoppen.
Vi er eit høgkostland, og for å framleis forsvare dei høge lønningane må arbeidskrafta vere svært produktiv. Då er ei god grunnutdanning heilt avgjerande, anten du skal bli fagarbeidar, gründer eller akademikar.
Politikk handlar om prioriteringar. Ja, høgare løn til lærarane vil koste. Samstundes vil fallande barnetal gjere at det trengst færre lærarar i framtida. Dermed vil ikkje dei samla lønsutgiftene gå tilsvarande opp.
Dei to andre problema, byråkratisering og vald, handlar ikkje om pengar. Det handlar om politisk mot. Å redusere rettane til foreldre og elevar er ikkje populært hjå alle.
Å stå imot lysta til å verke handlekraftig ved å legge nye krav på lærarane, er heller ikkje lett for markeringskåte politikarar. For ikkje snakke om å fjerne reguleringar som allereie er innført.
Like fullt er det akkurat det dei no må gjere.