Har prins Harry tatt rennefart for å spenne bein på heile monarkiet?

Det er ei gåte kva me skal gjere med dei kongelege arvingane som er til overs.

Publisert: Publisert:

Førjulstida må ha vore utmattande i Buckingham Palace. Charles og Camilla kom seg vel knapt til hektene etter siste sesong av The Crown før Netflix køyrde ut dokumentaren «Harry & Meghan».

Nærare seks timar TV der den bortkomne sonen og svigerdottera får fortelje «si sanning».

Men kvifor stoppe der?

Den veka kom boka «Spare», der prins Harry kuttar det vesle som eventuelt var igjen av familieband etter han flytta over Atlanteren.

Men er prins Harry også i ferd med å ta rennefart og spenne bein på heile monarkiet? Han er i så fall i godt selskap med andre kongelege reservar.

Me er berre i januar, men boka «Spare» er garantert blant årets mest omtalte.

Harrys historie er spesielt tragisk. For alle som ser og les blir det openbert at hans val er prega av store traume etter å ha mista mor si som ung.

Men Harrys historie handlar også om ein prins som er til overs, og ikkje finn sin plass. Nettopp dette er eit stadig tydelegare problem ved monarkiet som institusjon i moderne samfunn:

Kva i alle dagar skal me gjere med arvingane som er til overs?

Les hele saken med abonnement