Senterpartiet kastar rettsstaten på båten i jakta på nokre gram hasj

Emilie Enger Mehl (Sp) må rydde opp i politiet, eller rydde pulten sin og gå av.

Eit slikt parti kan ikkje ha justisministeren.

Publisert: Publisert:

Det er ikkje overraskande at Sp er djupt reaksjonære i ruspolitikken. Men det er sjokkerande at dei med opne auge vil bryte menneskerettane.

Førre helg vedtok Senterpartiets landsmøte ei uttale om ruspolitikk. Dei vil ta i bruk den same ransakingspraksisen Riksadvokaten har slått fast er ulovleg.

Politiet har nemleg i årevis – utan heimel i lov – ransaka folk. Det har med anna foregått «i form av urinprøve, blodprøve eller undersøkelse av kroppens hulrom».

Senterpartiets reaksjon er basert på ei misforståing om kva Riksadvokaten har gjort.

Ifølgje Ola Borten Moe (Sp), intervjua i Vårt Land, endra Riksadvokaten norsk ruspolitikk utan å konsultere regjeringa eller Stortinget.

Geir Pollestad (Sp) seier i same intervju at for få blir tatt fordi politiet har mista retten til å ransake folk utan grunn. Båe deler er feil.

Les hele saken med abonnement