Gratulerer, Jonas Gahr Støre. Du har akkurat skapt deg endå ei krise.

Ella Marie Hætta Isaksen er ein av aksjonistane som står i spissen for okkupasjonen av lobbyen i Olje- og energidepartementet gjennom helga.

Samisk ungdom tapte mot Arbeidarpartiet ved Alta i 1981. Kan dei vinne i regjeringskvartalet i 2023?

Publisert: Publisert:

Staten okkuperer i dag dei samiske reinbeiteområda på Fosenhalvøya med eit vindkraftverk.

Denne helga tok unge samar ein uventa revansj ved å okkupere Olje- og energidepartementet i Oslo. 1–1, med andre ord.

Ein skulle tru at denne stillinga berre er eit augneblinksbilete før staten rullar over samanes menneskerettar. Det vil i så fall vere fullt og heilt i Arbeidarpartiets ånd. Men går det annleis denne gongen?

Det heiter seg at røynda overgår kunsten. Kampen om samisk land i Trøndelag er eit heilt uvanleg sterkt døme på at det er sant.

I filmen «Ellos eatnu – la elva leve» speler Ella Marie Hætta Isaksen rolla som Ester. Her deltek Ester på ein sveltestreik utanfor Stortinget.

For no kan du gå på kino og sjå den sterke skildringa «Ellos eatnu – La elva leve» der Ella Marie Hætta Isaksen speler hovudrolla. Ho er kjent som vokalist i ISÁK, Stjernekamp-vinnar, miljøaktivist og forfattar av «Derfor må du vite at jeg er same».

Filmen handlar om korleis Arbeidarpartiet meiner samisk jord kan brukast til kraftproduksjon for det norske storsamfunnet. Eit dramatisk høgdepunkt er når Alta-aksjonistane blir lempa vekk av politiet.

Den same Hætta Isaksen har no brukt helga i lobbyen til det Ap-styrte Olje- og energidepartementet. Der demonstrerte ho mot at dei tek samisk jord og bruker den til, tja – du kan jo tippe sjølv:

Kraftproduksjon for det norske storsamfunnet, ja. Og akkurat som på film kom til slutt politiet og lempa henne vekk.

Les hele saken med abonnement