Sjarmen med tarmen er over

Kva slags katastrofal epidemi er det eigentleg som har fått fotfeste i norske magar?

Publisert:
Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

MAGEFIKSERT: Ein blir deprimert dersom ein konstant går og kjenner etter om ein er lukkeleg eller ikkje. På same måte slår magen seg fort vrang om me gjer kvart einaste måltid til ei øving i mikrobiologiske finurlegheiter, skriv Ingebjørn Bleidvin. Foto: Robert Schlesinger / picture alliance

Definisjonen på ein dårleg 17.mai? Når ingen av kakene er både gluten- og laktosefrie. Sånn er det blitt.

Sjarmen med tarmen er definitivt i ferd med å gli over. Lista over mageplager begynner å bli lang. Det er ein uhandterleg miks.

På den mildare sida har me det ein grovt sett kan kalla intoleransar. Mat som ein kanskje, kanskje ikkje toler, i større eller mindre mengder.

Neste steg er allergiar; mat som kan utløyse diare, utslett og verk. Ei blanding av desse to, men samtidig litt på sida, er irritabel tarm-syndrom. Då er tarmen ustabil og kranglete på uforutsigbart vis. Ofte finn ein ikkje ut av årsaka.

Verre er det med dei inflammatoriske tarmsjukdomane, kjent som Crohns sjukdom og ulcerøs colitt.

Her angrip immunsystemet slimhinna i tarmen, noko som kan gje store plager og smerter. Dette er sjukdomar som kan føre til operasjonar og utlagt tarm. På toppen av alvorlegheitsskalaen er sjølvsagt tarmkreft.

Vesten, Skandianavia og Norge har mykje av alle desse tilstandane, og det aukar stadig på.

Fyrst og fremst er det bra med openheit rundt mageplager. Barn må sleppe å tvinge i seg sjokoladekake som dei veit dei blir dårlege av, berre for at resten av gjengen ikkje skal synast at dei er rare.

Matbutikkane sine «fri for»-hyller er små, men gjer likevel livet uendeleg mykje enklare for allergikarar. Det er meir og meir slutt på den tida dei måtte køyre milevis for å få tak i det dei treng, eller gå og fingranske varedeklarasjonar.

Foto: Marvin Halleraker

Likevel; den store auken i meir eller mindre alvorlege tarmdiagnosar er ikkje noko me berre skal sluke rått.

Ein blir deprimert dersom ein konstant går og kjenner etter om ein er lukkeleg eller ikkje. På same måte slår magen seg fort vrang om me gjer kvart einaste måltid til ei øving i mikrobiologiske finurlegheiter.

Den store utfordringa for helsevesenet er å skilje mellom når plagene faktisk har sitt opphav i magen, og når dei i hovedsak stammar frå heilt andre ting.

Les også

DEBATT: Helsefokus går på helsen løs.

Det er nok dessverre mange som opplever ikkje å bli tekne på alvor av helsepersonell når dei lanserer sine tankar om intoleransar og allergiar hjå seg sjølve eller barna.

Litt av årsaka er at uforholdsmessig mange driv med sjølvdiagnostisering på dette området. I ei grundig studie frå Sverige klarte forskarane berre å påvise allergi hjå ti prosent av dei barna som foreldra meinte hadde ein allergi.

Å innføre diettar for barn, er ei alvorleg avgrensing, som ein ikkje skal ta lett på. Mat er ein utprega sosial ting for menneske.

Dersom ein frå barndomen av lærer at mat er noko potensielt farleg, noko ein må vakte seg for, noko som gjer at ein skil seg ut frå dei andre, så kan dette forplante seg.

Les også

NOK EN NYVINNING: Bruker nytt radioaktivt stoff for å finne kreft.

Noko av forklaringa på auken i mageplager er truleg knytt til stress, og det moderne livet der ein alltid er skrudd på og forventingane til å fungere maks på alle plan er høge.

Me sender fem år gamle barn på skulen og gjev dei vekeplanar og lekser. Teste- og måle-manien har etsa seg langt inn i barneskulen. Det er ikkje rart ungdommen er anspente nervevrak innan dei er ferdige på vidaregåande.

Sosiale medier sitt kunstige vrengbilde av samfunnet forsterkar stresset som både unge og vaksne føler.

At livet er stressande og at matvareallergiar er på moten, er likevel langt i frå heile forklaringa på situasjonen.

Antal personar i Norge som lever med inflammatorisk tarmsjukdom som ulcerøs colitt har omtrent dobla seg sidan 1999. Førekomsten av tarmkreft er aukande.

Dette er ikkje sjukdomar som oppstår fordi du får for få «likes» på feriebileta dine.

Det er ikkje til å kome forbi at det er svært store forskjellar på maten me et no samanlikna med tidlegare generasjonar. Mykje tyder på at den moderne, vestlege dietten, med industrielt dyrka og maskinelt framstilt mat, ikkje er særleg bra for helsa. Ein eller annan stad undervegs i produksjonsprosessen er det noko som går tapt.

Matindustrien har redda verda frå mang ein hungersnaud, på same måte som legemiddelindustrien har redda oss frå mang ein pest. Det betyr ikkje at alt dei driv med er bra.

Les også

FILMANMELDELSE: Vær glad i den kroppen du har, liksom.

Antibiotika er óg ein svært viktig del av forklaringa. Ein penicillinkur er som ei atombombe for tarmen. Nesten alt liv dør ut.

Kun sakte, men sikkert, veks det opp noko nytt og då gjerne noko heilt anna enn det som var der opphaveleg. Mykje forsking tyder på at antibiotikabruk hjå barn aukar faren for både allergiar og diabetes seinare i livet.

Me har altså ein situasjon der stadig fleire har alvorlege mageplager, av grunnar vitskapen berre delvis forstår.

Samtidig fører dette til unødig uro hjå ein langt større del av befolkninga enn dei som eigentleg er ramma.

Å gjennomleve enkle infeksjonar som barn, å krabbe rundt på bakken og få i seg litt grus og gjørme, å bli eksponert for alt naturen har å by på av mat, pollen og vanlege bakteriar; alt dette er viktig for at immunsystemet skal bli riktig trena og kunne beskytte oss i vaksen alder.

Det er få fasitsvar og ingen enkle løysingar for dei som av ulike årsaker slit med fordøyelsen. Men litt av det handlar om at me må hugsa kva verd kroppen vår er laga for å leve i, og la den få sjansen til nettopp det.

Publisert: