Forskjellslandet

To viktige konsekvensar av regjeringas økonomiske politikk: Større forskjellar og Raudts gjennombrot.

TINGMANN BJØRNAR: I 2017 fekk Bjørnar Moxnes plass på Stortinget.

Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix (arkiv)

7,6 prosents oppslutning. Om nokon for tre–fire år sidan hadde fortald Bjørnar Moxnes at Raudt ein dag skulle få sjå det talet på ei meiningsmåling, hadde han nok tvilt på dine analytiske evner.

Men på februarmålinga til ANB, utført av Opinion, er det 7,6 som gjeld. Og på snittet av målingane for februar er Raudt målt til 5,5 prosent, ifølgje Poll of polls. På fleire målingar er dei like store som Venstre og KrF – til saman. Kva i alle dagar er det som har skjedd?

Folk i Raudt stiller seg det same spørsmålet. Sjølvsagt vil dei meine at Raudt stiller med den beste politikken, men den har jo trass alt ikkje endra seg så mykje dei siste åra.

Les også

Katastrofetall for KrF: Mister syv av åtte stortingsplasser på ny måling

For å få svaret på kva som skjer i 2019, må vi tilbake til 2012. Då valde Raudt ei ny leiing med Bjørnar Moxnes i spissen. Saman med han kom Marie Sneve og Mari Eifring inn som nestleiar og partisekretær.

Alle saman var ganske unge, og dei fyrste åra sleit dei med å få med seg partiet på å snakke om politikk på ein ny og litt mindre dogmatisk måte. I 2013-valet gjekk faktisk Raudt tilbake samanlikna med fire år tidlegare.

I åtte år sat Ap, Sp og SV i regjering, utan at Raudt greidde å slå seg opp. Ein skulle kanskje trudd at Raudt ville vekse på at SV deltok i ei regjering som bomba Libya, opna oljefelt og førte ein temmeleg striks politikk mot asylbarn, men nei. Til det var Raudt for sært. Og no er krisa i Ap djup nok til at det finst veljarar til både SV og Raudt.

Sakte, men sikkert har det gått oppover for partiet. Det viktigaste svaret ligg i at dei over tid har greidd å snakke om éi sak, nemleg at forskjellane aukar her til lands.

Når eit parti får ein oppsving av den typen Raudt no opplever, leitar ein gjerne etter eit brot, altså noko som nyleg har endra seg. Men kanskje er Raudts framgang heller ei historie om kontinuitet.

Les også

Jens Kihl: Meir gøy på ytre fløy

Eit lite parti kan ikkje ha for mange hjartesaker. Det må byggje truverd på nokre få område. Det har Raudt-leiinga skjønt, og det har dei vist mellom anna i Oslo og Tromsø, der dei har ei hand på rattet i styringa av byen.

Fredag la regjeringa fram ei stortingsmelding om ulikskap. I debatten som følgjer har allereie fleire forskarar peika på at pilene går i feil retning. Ja, Noreg er framleis eit samfunn prega av små forskjellar om ein samanliknar med andre land, men utviklinga har vore ganske markant dei seinare åra.

Dei med lågast løn har knapt hatt reallønsutvikling dei siste åra. Talet på fattige ungar aukar. Delar av arbeidslivet er i ferd med å bli temmeleg usikre greier.

Les også

Moxnes ber om strakstiltak mot dårlig skodde vogntog

Dette er saker som svært mange bryr seg om her til lands. Nordmenn flest liker å sjå på Noreg som eit land med små forskjellar. Og med eit Ap som framleis er i krise, finst det eit stort rom for at både SV og Raudt kan markere seg. Ein kan godt meine at desse partia overdriv kor stort dette problemet er, men ganske mange veljarar ser ut til å meine at forskjellane er for store.

Forskjells-Noreg, som Raudts folk liker å kalle det, er ei god sak fordi det mobiliserer langt utanfor eigne rekkjer. Det motsette er å finne seg ei kampsak av typen «innstramming i abortlova», der det knapt er nye veljarar å hente for KrF.

Partiet har også greidd å byggje ein sterk organisasjon. Partiet hadde ved årsskiftet nesten 7000 medlemer, og ytterlegare tusen har meldt seg inn sidan nyttår, melde Dagsavisen nyleg.

Les også

Rødt krever radikal venstresving

Raudt reknar med å stille liste i om lag dobbelt så mange kommunar som ved sist lokalval. I Bergen stiller Raudt med Sofie Marhaug på topp.

Ho har førebels gjort kampen mot byrådsmodellen til ei hovudsak. Det er overraskande, fordi det kan verke som eit spørsmål som ikkje engasjerer så mange veljarar.

Det er mogeleg vi også her vest vil sjå ein Raudt-valkamp som er mindre prega av denne saka. Også i Bergen er forskjellane mellom fattig og rik store, men det er uklart kor opptekne låginntektsfamiliane er av byparlamentarisme i kvardagen.

Det skal òg bli interessant å sjå om debatten om Raudts prinsipprogram gjer noko med oppslutninga. Liberale kommentatorar er gjerne opptekne av å peike på at Stortinget no har eit parti som skriv om kommunisme, «pampeveldet» i LO og Ap og herskarklassen i programmet sitt.

Likevel: det kan sjå ut til at den debatten rett og slett ikkje engasjerer ute blant folk. Dei som bryr seg mest om den harde ordbruken til Raudt, er kanskje dei som aldri ville vurdert å røyste partiet uansett.

Og så lenge forskjellane her til lands held fram med å auke, er det truleg god plass til eit Raudt over sperregrensa i rikspolitikken.