BT20-Spesial: Er denne regjeringa dømt til å kollapse?

Høyr Frøy Gudbrandsen og Jens Kihl sine første analysar og spådomar om den nye regjeringa.

KAN DEI OVERLEVE? Dei fire partileiarane har store Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Ingvild Nave
Journalist i BT

Politisk redaktør i BT, Frøy Gudbrandsen, og kommentator Jens Kihl er i Oslo for å følgje med på den nye regjeringa.

– Det er eit skjørt regjeringsprosjekt, seier Gudbrandsen om sitt førsteinntrykk.

– Det var liksom ingen jubel då dei la fram regjeringsplattforma.

Abort, klima og innvandring har vore nokre av verkebyllane i forhandlingane. Partia står langt får kvarandre i desse spørsmåla, noko som kan skape store utfordringar framover.

I dagens episode av BT20 snakkar vi om kven som fekk mest gjennomslag, kva rykte som finst om dei nye statsrådpostane og sakene som påverkar oss på Vestlandet mest.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent er Henrik Svanevik.

Politisk redaktør i BT, Frøy Gudbrandsen. Vegar Valde