Snart får du ei miljøbombe tilbake på skatten

Regjeringas skattefrådrag for bompengar kan få det til å stinke diesel i Bergen igjen.

MEIR KØ: – Eit skattefrådrag på bompengar vil gjere det billegare å forureine i Bergen. Det er heile poenget med ordninga, skriv Morten Myksvoll. ARKIVFOTO: Elias Dahlen

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Snart skal du kunne trekkje frå bompengane på skatten. Det er eitt av Framstegspartiets store gjennomslag i regjeringsforhandlingane, og det kan bli ein realitet allereie neste år.

Ingen – og det inkluderer regjeringa – veit heilt korleis regjeringa har tenkt å få dette til.

Konsekvensen kjenner me. Det vil bli langt billegare å forureine i Bergen. Det er heile poenget med ordninga.

Dersom du kan trekkje av alt du betaler i bompengar på skatten, vil det gi bilistane 22 prosent av taksten tilbake på skatten.

I dag betaler dieselbilar 56 kroner i rushtida. Eit slikt frådrag vil altså bety ein mogeleg skatterabatt på tolv kroner. Det strir mot all miljølogikk, og vil bli svært dyrt.

I 2018 tok Noreg inn 10,7 milliardar kroner i bompengar. Eit frådrag frå første krone vil bety ca. 2,4 milliardar i reduserte inntekter til staten. Innretninga på ordninga vert avgjort av kor mykje pengar regjeringa vil bruke på det.

Les også

Prøv BTs bompengekart her.

Det verkar urealistisk at Frp skal få fleire milliardar til dette i neste års statsbudsjett. Dersom regjeringa ønskjer å bruke éin milliard på det, vil ein først få frådrag etter å ha betalt ei viss mengde bompengar.

Uansett innretning vil eit slikt frådrag bli dyrare og dyrare med åra.

Er det éin ting me veit om bompengane, så er det at det vert meir av dei.

I Nasjonal transportplan (NTP) er det planlagd for 301 milliardar bompengekroner fordelt på tolv år. 45 av desse milliardane skal krevjast inn i Hordaland, med storprosjekta Hordfast, Sotrasambandet og Arna – Trengereid i spissen.

Dersom frådraget skal gjelde frå første krone, vil statens skatteinntekter gå ned med 220 millionar for kvar milliard Noreg krev inn i bompengar.

Det er ikkje ein særleg ansvarleg økonomisk politikk.

DÅRLEGARE LUFT: Blir det tolv kroner billegare å køyre dieselbil i rushtida, vil det bidra til meir trafikk og dårlegare byluft, skriv Morten Myksvoll. ARKIVFOTO: Jan M. Lillebø

Bomringen i Bergen har to formål. Det eine er å finansiere ulike veg- og baneprosjekt. Det andre er å unngå vekst i biltrafikken. Begge delar er bra for byen.

Auka pris har, saman med eit betre kollektivnett, ført til redusert biltrafikk gjennom bomringen. Nedgangen i rushtida har vore spesielt stor etter at rushtidsavgifta vart innført.

Pris fungerer.

Blir det tolv kroner billegare å køyre dieselbil i rushtida, vil det bidra til meir trafikk og dårlegare byluft.

Les også

Morten Myksvoll: Bompengane verkar og smertar

Skattefrådraget straffar òg miljøvenleg åtferd. Kollektivtrafikken blir relativt sett dyrare, sidan det vert billegare å køyre bil.

Det blir veldig rart om du får lågare skatt av å skape bilkø på veg til jobb, men ikkje dersom du tar bussen eller bana.

Bompengebelastninga i Bergen er blitt ganske stor, og det er forståeleg at mange er skeptiske til dei høge rekningane. Dersom Frp får gjennomslag for eit stort skattefrådrag, vil det spenne bein for ein del av formålet med bompengane.

Dersom staten gir skattelette for meir enn 20 prosent av bompengane, vil den statlege andelen gå opp. Det er tvingande nødvendig, dersom Bergen skal klare å finansiere Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane.

Men skattefrådraget fører ikkje til meir pengar. Regjeringas nye idé kan i verste fall øydeleggje finansieringsgrunnlaget for Bybanen.

Reduserte bompengar undergrev nemleg målet om nullvekst i biltrafikken i Bergen. Det er eit mål regjeringa ikkje berre har stilt seg bak, men òg stilt som krav i bypakka «Miljøløftet». Regjeringa gir Bergen svært blanda signal.

Dersom skattefrådraget reduserer den reelle bomtaksten, motverkar det målet om nullvekst i biltrafikken. Då kan staten i verste fall halde pengar tilbake.

Den einaste fordelen med skattefrådraget, er for den enkelte bilist. Skattesmellen vil svi i halsen til alle som må puste inn den dårlege lufta.