Bergen tilbake som underdog

Draumen om at vestlandets hovudstad vil vekse inn i himmelen er knust. Det er ikkje berre dårleg nytt.

Publisert Publisert

ALWAYS LOOK ...: Det er von så lenge liket fis, som dei seier. Lågare folkevekst i Bergen kan gjere det lettare å skape ein meir kompakt og trivelegare by, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Odd E. Nerbø

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«Bergen kommune og bergensregionen venter stor befolkningsvekst frem mot 2030».

Slik byrjar den overordna utbyggingsplanen for Bergen kommune, Kommuneplanens samfunnsdel. Då han vart vedteken i juni 2015 hadde bergensområdet bak seg tidenes vekst i folketalet. Oljeboomen førte til ei massiv innvandring frå Aust-Europa, og draumar om ein ny gullalder for Bergen.

Så stoppa det opp. Oljeprisen vart halvert, folk mista jobben og mange av aust-europearane drog heim.

I førre veke kom Hordaland fylke med ein ny prognose for folketalsutviklinga. Den viser at det er tilflyttinga, spesielt frå utlandet, som har bråsnudd. I fjor var flytteoverskotet på berre 298 personar, mot over 5000 i toppåret 2012.

Utviklinga i Bergen er minst like dramatisk: I toppåret 2011 auka folketalet med over 8000. I fjor var veksten litt over 1000.

FEST: Sjølv om veksten går ned, bur det snart 280.000 i Bergen. Foto: Paul S. Amundsen (arkiv)

Prognosar for folketalsutvikling er avgjerande for det meste av planlegging, av alt frå bustader, kollektivtrafikk og vegar, til skular og sjukeheimar.

Planane som all utbygging av bustader og næringsbygg skjer etter i Bergen, legg til grunn at folketalet skal vekse med over 3000 i året fram til 2040. I dei nye tala frå fylket er det justert ned til under 1000.

Det vil ha store konsekvensar. Planleggjarane treng ikkje lenger finne plass til 45.000 fleire innbyggjarar innan 2030, men berre til 15.000 (så framt kommunen sjølv ikkje finn ut at dei vil lage ein meir optimistisk prognose).

Les også

Om 15 år skulle me vera 600.000 hordalendingar. Det vert me ikkje.

Når folketalsveksten blir redusert til ein tredel, trengst det jo berre ein tredel så mange nye bustader, færre skular, bussar og bybaner.

Nokre vil kanskje tenkje at ein då ikkje lenger treng å byggje så tett som kommunen legg opp til i sin nye utbyggingsplan (Kommuneplanens arealdel). Men det kan bli tvert om.

Høg folketalsvekst har blitt brukt av utbyggjarar til å få godkjent bustadfelt som ligg spreidd og ikkje tilfredsstiller krava om ein meir kompakt og meir kollektivreisande by. Mindre folkevekst gjer at planleggjarane no kan fjerne slike felt, som til dømes Dyngelandsåsen i Fana og Vårheia i Arna.

Her er det duka for ein durabeleg dragkamp mellom politikarar, planleggjarar og utbyggjarar. Kommuneplanens arealdel skulle etter planen blitt vedtatt i bystyret før sommaren, men er no utsett til hausten. Det kan bli ei av dei store politiske sakene det neste halvåret.

UNDERDOG: Bergen må no kjempe for si eiga framtid. Men det er ofte då byen, akkurat som Brann, er på sitt beste, skriv Hans K. Mjelva. Foto: Ørjan Deisz

Prognosane frå fylket er dyster lesing for mange distriktskommunar i Hordaland, spesielt i indre Hardanger. Odda til dømes, vil ifølgje desse tala krympe frå 6800 i år til 4200 i 2045. Snittalderen vil auke med ti år. Snart er det berre gamlingar att i området som ein gong var kjelde til nasjonalromantisk stoltheit.

For Bergen er det inga trøyst. Ein folketalsvekst på 0,3 prosent i året er slappe greier, ikkje minst fordi Bergens gamle nemesis, Oslo, reknar med å vekse med 1,2 prosent kvart år fram til 2040.

Her er det lett å gli tilbake i depresjonen som har plaga bergensarar sidan Oslo gjekk forbi oss i folketal på slutten av 1830-talet. Tilbake til forteljingane om hjerneflukt og filialby, ein byhistorie spissformulert av Georg Johannessen som «en sammenhengende tilbakegang, bare avbrutt av enkelte katastrofer». Ikkje minst fordi veksten i og rundt Oslo vil styrke landsdelen ytterlegare i kampen om statens pengar.

Men, som dei seier, det er von så lenge liket fis. Lågare folkevekst i Bergen kan gjere det lettare å skape ein meir kompakt og trivelegare by, med bustader av betre kvalitet i betre omgjevnader.

Det kan òg, som byråd for byutvikling Anna Elisa Tryti (Ap) var inne på i NRK går, gjere det enklare å løyse utfordringar med vegar og kollektivtrafikk.

Og sjølv om enkelte av oss finn ein glede i å dyrke rolla som evig underdog, er det teikn til at mykje kan gå bra for Bergen framover. Handelsbyen som ikkje fekk vere med i den industrielle revolusjonen har no sterke miljø i fleire framtidsretta næringar. Ikkje minst gjeld det alt som har med sjøen å gjere, men òg digitalisering og kreative næringar.

Likevel: Er det noko prognosane viser, er det at Bergen framleis må kjempe for si eiga framtid. Men det er ofte då Bergen, akkurat som Brann, er på sitt beste.

Publisert