Kritikarane er næringslivets beste vener

Oppdrettsselskap og oljeselskap er dritlei all kritikken dei får her i landet. Men dei bør gle seg. Kritikken gjer dei betre.

INVESTORVENLEG: Oppdrettsselskap som Lerøy Seafood og Marine Harvest har liten risiko for ein berekraftsmell, ifølgje ei ny kåring. Det kan dei mellom anna takke sine kritikarar for, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Publisert:

I dag skein det i smilande oppdrettsfjes i Grieghallen. Eit investornettverk med 10.000 milliardar dollar i ryggen presenterte årets indeks over berekraftige proteinprodusentar i verda. Dei norske oppdrettsselskapa toppa lista, med Lerøy Seafood øvst.

Ikkje rart Bergen Næringsråd hadde invitert Aarti Ramachandran frå London-baserte Fairr til den tradisjonelle årskonferansen i lakseoppdrettets hovudstad.

Kåringa seier mykje om konkurrentane på lista, som i stor grad driv med landbruksproduksjon av kjøt andre stader i verda. Men den seier òg noko om norsk oppdrettsnæring, og om ein av næringas viktigaste ressursar: Ei kritisk offentlegheit.

Få næringar har blitt så passa på som oppdrettsnæringa. Årsakene er mange. Næringa har absolutt sine svin på skogen, eller lus i sjøen. Utslepp av kjemikaliar, forureining rundt merdane, rømmingar, fiskedød og lus, for å nemne dei viktigaste. Dessutan har oppdrettarane kome i konflikt med taleføre interesser i villfiske og miljørørsle.

Difor har næringa vore under eit enormt press for å skjerpe seg, for å få bukt med problema og for å vere opne med informasjon. Dei er òg under eit strengt kontrollregime. Ramachandran meiner gode reguleringar er ein av årsakene til at dei skårar så høgt på Fairrs bærekraftindeks.

Oppdrettarane har difor mykje å takke kritikarane for. Utan ei kritisk offentlegheit hadde neppe reguleringa vore like streng.

Les også

Fisk og dataspill er vekstskaperne på Vestlandet

Då Michael Evans frå alle kinesiske nettbutikkars mor, Alibaba, deltok på ein stor sjømatkonferanse i Bergen i mars, var eit av hans poeng at kinesiske forbrukarar er i ferd med å bli svært opptatt av kva dei får i seg. Spesielt gjeld det dyre høgstatusprodukt som laks. Ikkje berre kva som er i produkta, men òg korleis dyra har det er viktig, sa han.

Då er det veldig bra for norske oppdrettarar at dei har fått og får køyrd seg på dyrehelse, giftstoff og alt anna. Det vil dei få godt betalt for, fordi det reduserer sjansen for dårleg PR og sviktande sal.

Og straff frå investorar. For heile poenget med Fairr er å skape medvit hjå vanlege «main stream» investorar for risikoen ved å ikkje ta økologisk og sosial berekraft på alvor. Viss investorar fryktar for sviktande sal, massedød eller søksmål, vil dei skygge unna. Slikt er ikkje bra for korkje aksjekurs eller tilgang på kapital.

Berre sjå på verdas kolprodusentar. Til trass for at kolprisen har auka dei siste to åra, har aksjekursane til kolselskapa ikkje følgt etter. Ein årsak er at mange store investorar, som det norske oljefondet, ikkje lenger vil ha desse aksjane.

Både Fairr-indeksen og kolselskap er døme på at kapitalistar i dag kan spele ei heilt anna, og svært viktig, rolle i både å løyse klimautfordringane og nå FNs andre berekraftsmål. At dette gjennomsyra heile årskonferansen til Bergens Næringsråd viser at organisasjonen er langt meir progressiv og framtidsretta enn mange trur.

Enkelte av foredragshaldarane på Årskonferansen hadde større utfordringar enn andre med å få økonomi og berekraftsmål til å harmonere. Equinors sjeføkonom Eirik Wærness, til dømes. Når både notid og framtid i all hovudsak er basert på sal av fossilt brensel, kan det vere krevjande å stå fram som framtidsretta.

– Vi veit ikkje korleis verda vil utvikle seg fram til 2050, sa Wærness frå scena.

Så følgde han opp med framskrivingar som viser at det globalt trengst ei stor utbygging av nye oljefelt for å dekke inn det naturlege fallet på eksisterande felt.

Men det var eit atterhald der. Kanskje fordi alle andre på konferansen snakka om berekraft. Kanskje fordi FNs klimapanel nyleg la fram tal som viste at CO2-utsleppa må gradvis trappast ned til null i 2055, viss verda skal klare å halde oppvarminga under 1,5 grader.

Framleis er oljeutvinning svært profitabelt. Som Wærness påpeikte i ei ordveksling med berekraft-scenarias grand old man, Jørgen Randers: Noreg må hente inn ei enorm mengd kinesiske turistar om det skal erstatte inntektene frå oljen.

Likevel kan Wærness & Co etter kvart få problem med å overtyde investorar og eigarar om at Equionor ikkje risikerer å gå same vegen som kolselskapa. Det kan gje selskapet eit press til å skunde på omdanninga til eit fornybar-selskap.

Då kan det hende at òg Equinor-leiinga sender ein stille takk til sine kritikarar, til dei som la press for at selskapet skulle investere meir i fornybar kraft, til dei som fekk stoppa utbygginga av Lofoten Senja og Vesterålen. Til dei som pressa på for å bremse utbygginga i Barentshavet.