Køyr BTbatt!

Frå og med i dag har tenåringar på Vestlandet si eiga debattside: BTbatt.

Publisert Publisert

DENNE DAGEN har eg gledet meg til sidan påske. Det var då arbeidet for alvor starta med å utforme eit heilt nytt tilbod i avisa. Frå og med i dag har tenåringar på Vestlandet si eiga debattside: BTbatt.

Eigentleg byrja det for mykje lenger sidan, då den gong 17 år gamle Thomas Lien tok kontakt med BT og lurte på kva vi hadde tenkt å gjere for yngre lesarar. Eller då vi møtte Liv Skotheim i Aftenposten og høyrte historia om ungdebattsida Si;D, som kom til i 2005.

Sidan har Si;D blitt eitt av dei viktigaste talerøyra for ungdommar på Austlandet. Ho blir brukt av lærarar i undervisninga og lesen av dei med makt og innverknad over ungdommanes liv. Av foreldre, lærarar, av besteforeldre — men ikkje minst av politikarar. I ei undersøking svarte åtte av ti politikarar i Oslo at dei les Si;D.

TIDLEGARE I SOMMAR sa statsminister Jens Stoltenberg i ei helsing til Si;D på «I kveld» på NRK, at «Det er veldig viktig at de som er en god del yngre enn meg er opptekne av det som skjer i verda og i samfunnet rundt oss»

Kva skriv ungdommane om? Miljø, identitet, foreldre og skule, motepress og spiseforstyrring, utanrikspolitikk og livsfilosofi. Tema som blir diskutert på Si;D er sjølvsagt like ulike som meiningane ein finn på debattsidene lenger framme i Aftenposten.

DET ER INGEN GRUNN til å tru at ungdommar i vest er mindre engasjerte og meiningssterke enn ungdommar i aust. Sterke signal tyder på det motsette. Då Janne Nerheim, vår nye ungdebattansvarleg var komen på plass i vår, sette vi oss ned og såg gjennom søknadsbunken etter eit ungdomspanel vi ville ha med oss frå starten, som rådgjevarar og bidragsytarar. Panelet med 14-18-åringar som ikkje kjende kvarandre frå før, har sidan hatt fast møteplass i Krinkelkroken. Saman med Janne Nerheim har dei gjennomført namnekonkurranse og stemt fram vinnaren. Dei har arrangert skrivekurs for medelevar, delt ut flyers og oppretta eiga gruppe på Facebook, der det har gått små debattar i heile sommar.

EIN AV DEI HEFTIGASTE debattane har stått om PC i skulen. Det er mange gode grunnar til å høyre på dei som faktisk sit i klasserommet. Difor har vi invitert lokal- og rikspolitikarar, representantar frå barneombodet og utdanningsforbundet til debatt på lanseringsfest om ti dagar. Dei vaksne får ikkje snakke så lenge. Denne gongen skal dei mest av alt høyre. Og kanskje vil dei finne ut at dei skal halde fram med det.

Hva mener du om det nye ungdomstilbudet? Si din mening her!

Foto: Fred Ivar U. Klemetsen.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Mann tiltalt for skremmende opptreden mot barn

Mannen var plaget av barn i nabolaget. I mars fikk han nok. Torsdag møtte han i Bergen tingrett som tiltalt.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Det er én smittevernregel elevene på videregående ikke klarer å holde

  2. Koronasmitta pasient var innom sjukehuset i Førde – ni tilsette i karantene

  3. Her jubler Åsane for noe de ikke har klart på fem år

  4. Norges eneste trolleybusslinje skal utvides. – Lukten av ny buss er nydelig.

  5. – Vi kan ta bort noen av de mest inngripende tiltakene

  6. Brannutrykning i Hødden

Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.