Fossile synder

Hendrik Schmidt, TT / NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)

Asbjørn Kristoffersen

Dei som bygde landet, var pietistar, nøysame og arbeidsomme. Dei sparte til dei vart gamle så lenge dei levde. Dei trudde på Gud. Eller Einar Gerhardsen. Det var orden på livet.

Alkohol og tobakk var synd. Om synda ikkje kunne avskaffast, skulle syndarane sant for dyden få si straff. I det hersidige. Med dryge pengebøter. Bilar var luksus. Om luksusen ikkje kunne avverjast, skulle luksusdyra pinadø få svi på pungen.

Vi som arva landet, har avskaffa pietismen. Dei dyraste årgangsvinane er billegare her til lands enn dei er i Frankrike. Dei billegaste, tyske elbilane kostar meir i Tyskland enn i vårt dyre fedreland. Berre røykjarane ligg att på Einar Gerhardsens gamle pinebenk.

Synd er ikkje meir, straffedom er høgreekstremisme. I olje er arven etter dei som bygde landet balsamerte. Sjampanje til frukost kostar 250 milliardar i trekk frå oljefondet dette budsjettåret. Våre eigne arvingar skal sitja att med stengde oljebrønnar, eldrebølgja, utrasa riksvegar og kredittkortgjeld. No er det kvar stril og kvar transe for seg.

Dårleg fossilt samvit er det einaste som er att av den norske pietismen. Når det blir selt fleire elbilar enn Siv Jensen hadde rekna med, brukar ho oljefondet som avlat. Hittil er det berre selt 200.000 elbilar her i landet, med 55 milliardar kroner i subsidiar, ifølgje eit debattinnlegg av Chr. Anton Smedshaug i Klassekampen. Ganske sikkert ein norsk verdsrekord.

Men enno står det att 2,5 millionar fossile personbilar å byta ut. Pluss ein halv million næringsbilar. Og ein halv million andre køyretøy. Og båtar og ferjer og fly. Fossile synder er framleis synd og straffedom. Etter oss kjem teslaskatten og bompengane og vindmølleskogane. Etter oss som arva landet, må sjamanar snu atoma.