Det blir verre etter May

Favoritten til å overta etter May er inkompetent, men det stoppar neppe det konservative partiet.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

GÅR AV: – Theresa Mays største prestasjon var å forhandle fram ein avtale med EU som knapt nok nokon andre enn ho sjølv likar, skriv Morten Myksvoll. Foto: Dominic Lipinski, TT NYHETSBYRÅN

Theresa May går av som statsminister i Storbritannia 7. juni. Hennar tre år lange statsministergjerning har berre handla om brexit. No er det slutt for henne, men brexit-sagaen held fram med uforminska styrke.

Tida hennar som statsminister har vore svært ustabil, med heile 36 statsrådsavgangar. Mays største prestasjon var å forhandle fram ein avtale med EU som knapt nok nokon andre enn ho sjølv likar.

Men historia vil nok døme hennar statsministergjerning mildare enn det samtida gjer. May har hatt ei heilt umogeleg oppgåve, nemleg å oppfylle dei utopiske lovnadane som veljarane fekk servert i 2016. Alt skulle gå så lett, og britane skulle ta tilbake kontrollen.

Slik gjekk det ikkje.

Les også

Morten Myksvoll: Fryktar for brexitland

Ein ny statsminister kan ende opp med eit anna mandat enn det Theresa May fekk. Ho skulle ta britane ut av EU, men tolka folkemeininga slik at det ikkje skulle skje uansett kostnad. Difor nekta ho å gå ut av EU utan ein vedteken avtale, og åtvara mot det kaoset ei slik utmelding vil føre til.

Arvtakaren til May kan tolke folkeavstemminga frå 2016 annleis. Dei mest hardbarka brexit-forkjemparane meiner at folket ville ut av EU, og at regjeringa då må levere ei utmelding – med eller utan ein avtale.

Difor kan statsministerskiftet til ein viss grad endre brexitdebatten. Sjansen for ei utmelding utan ein avtale aukar når May går av i juni. Sjansen for at britane får ein betre avtale med EU er akkurat like nær null som før.

Politiske realitetar har ikkje akkurat stått sentralt i parlamentets brexitdebatt. For altfor mange i det konservative partiet, har brexit vore eit internt maktspel. Det var slik det starta då David Cameron lyste ut folkeavstemminga, og det er slik situasjonen er no. Politikarane har vore meir opptekne av å slåst mellom seg om illusoriske løysingar, heller enn å gjere det beste ut av EU-utmeldinga.

Slik kjem det nok til å halde fram.

FAVORITT: – Ein av dei heitaste kandidatane er Boris Johnson, skriv Morten Myksvoll. Foto: Peter Nicholls, Reuters (Arkiv)

Kampen om å overta leiarrolla i det konservative partiet starta for lenge sidan. Noverande utanriksminister Jeremy Hunt er ein moderat kandidat, men sjansen for at ein vel ein kandidat som er såpass lik May er liten. Det er lite poeng i at May går av dersom ein mannleg versjon av henne skal overta.

Ein annan kandidat er Dominic Raab. Han gjekk av som brexitminister i protest mot avtalen han var med på å forhandle fram. Raab som statsminister vil vere eit paradoks som passar godt i det britiske politiske klimaet.

Ein av dei heitaste kandidatane er Boris Johnson. Han burde blitt sparka som utanriksminister grunna grov inkompetanse. Han klarte blant anna å uttale seg på ein så klønete måte at han forlenga fengselsstraffa for ei spiondømt britisk kvinne i Iran. The Economist skriv på leiarplass at Johnson vil vere gambling. Men når ein gamblar, kan ein vinne.

Slik er det ikkje med Boris Johnson. Det vil bli ein katastrofe. Men dersom inkompetanse skal vere diskvalifiserande, er det ikkje mange kandidatar igjen.

Les også

Dette er favorittene til å overta etter May

Dei konservative har kome så langt i sin kaotiske og nedgåande spiral, at dei kan finne på å velje Johnson som leiar.

Skjer det, vil kravet om nyval kome med forsterka styrke. Då kan alt skje, sidan dei konservative og Labour stuper på meiningsmålingane. Dei to dominerande partia ser ut til å gjere det katastrofalt dårleg i valet til Europaparlamentet, som pågår akkurat no.

Eit EU-val som står som eit symbol på britiske politikarars fiasko, tre år etter at folket stemte ja til brexit.

Publisert: