Må ta ansvar for sjokket

Protestpartiet mot bompengar er størst i Bergen. Elevar og eldre kan ende opp med å merke det meir enn bilistane.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

STØRST: – Dersom FNB vert størst, må ein forvente at dei tar styringa i byrådet. Då må dei ha konkrete tankar om kva retning FNB vil ta pengebruken i byen, skriv Morten Myksvoll. Nima Taheri (Arkiv)

I mars var det sjokk. Då fekk Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) 6,9 prosent oppslutning i ei BT-måling. Så kom aprilsjokket, der bommotstandarane fekk 16,9 prosent. I mai er det òg sjokk.

No seier 25,4 prosent av veljarane at dei vil stemme på FNB.

FNB er altså størst i Bergen. Dei er størst i alle bydelane, unnateken i sentrum. Slår denne målinga til, kan dei styre Bergen saman med Høgre og Frp.

Det folk kan mest om FNB, er at dei er mot bompengar. Det folk kan minst om, er alt det andre. Men bompengar er ikkje så ofte tema i bystyret. Det vert fatta nokre vedtak med jamne mellomrom, men i mellomtida må dei folkevalde ta stilling til hundrevis av andre saker.

Om eldreomsorg, skular, barnehagar, sosialhjelp, byggesøknader og mykje anna.

Les også

Ny sjokkmåling: Nå er bompengelisten Bergens største parti

Programmet deira dekker mange område, men dei få linjene om eldreomsorg betyr lite frå dag til dag. Ingen veljarar kan difor med handa på hjartet seie at dei veit korleis FNB vil handtere eldreomsorga. Ingen veit kvar partiet vil kutte dersom skatteinntektene sviktar.

Det var ikkje eit problem før. Det mest sannsynlege, er at dei endar opp i eit samarbeid med Høgre og Frp. Etter førre måling, var det lett å tenkje at FNB kunne stemme med dei andre i saker som ikkje har med bompengar å gjere. Og så ville nok partiet ha utvikla eit eige syn på avlastingstenester for utviklingshemma, kulturskule og barnehagestruktur etter kvart.

Men dersom FNB vert størst, må ein òg forvente at dei tar styringa i byrådet. Då må dei ha konkrete tankar om kva retning FNB vil ta pengebruken i byen.

Les også

Jens Kihl: Kva vil dei med Vestland?

Oppslutninga til bompengemotstandarane kan neppe lesast som om bergensarane ikkje lenger bryr seg om dei nesten åtte milliardane kommunen bruker på helse- og sosialtenester kvart år. Eller dei nesten seks milliardane som går til skule og barnehage. Eller dei 3,5 milliardane som kommunen investerer i ulike bygg og tenester i år.

Men når FNB er størst, er det fare for at desse tenestene vil vere skadelidande. Framover må partiet snakke meir om deira planar for alt som ikkje har med bompengar å gjere. Noko anna vil vere uansvarleg.

Skulda for opprøret må leggast på dei andre partia, spesielt Høgre og Arbeidarpartiet. Etter kvart som bompengeprisen har auka, har entusiasmen for det bompengane betaler for gått ned. Det er synd, sidan politikken har vore god for byen. Stadig fleire tar buss og bane enn før. Biltrafikken og klimautsleppa går ned.

Bergen blir litt etter litt ein betre by. Det er ingenting å vere flau over.

Blir dette valresultatet, blir Bybanen til Åsane i beste fall forseinka. Det er òg synd. Når ein ser på korleis bana har endra Årstad og Fana, er det trist at Åsane takkar nei. Busstilbodet sørover har blitt mykje betre etter at bana opna. Den har frigjort mykje kapasitet, som har ført til fleire avgangar.

Ei bybane til Åsane ville opna for fleire ekspressruter, og mange av bussane som i dag går mot sentrum, kunne blitt brukt til å gi eit betre tilbod i Åsane.

Det einaste som kan redde utbygginga no, er at regjeringa tar grep. Trass sjokkbølgjene her i vest, har opprøret berre blitt møtt med eit skuldertrekk austfrå. Først denne veka ser det ut til at regjeringa har vakna.

Måndag sende samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) ut ein ordre til Vegdirektoratet om å seie nei til høgare bompengar eller utvida nedbetalingstid, dersom utgiftene går opp eller inntektene sviktar.

Det betyr at Bergen kan risikere å miste viktige prosjekt, dersom den statlege elbilpolitikken fungerer for godt. Blir andelen elbilar høgare enn det staten og kommunen har trudd, vil inntektene bli lågare. Dersom eit godt klimatiltak slår eit godt bymiljøtiltak i hel, har regjeringa skapt den perfekte farse. Dales ordre er ei dårleg løysing på eit komplisert problem.

Les også

Politisk jordskjelv i ny strilekommune

Finansminister Siv Jensen (Frp) er derimot meir konstruktiv. Ho har nemleg bedt om eit møte med dei andre regjeringspartia, ifølgje VG. Innstillinga hennar er klar: Staten og kommunane må betale meir av bypakkene for å redusere bompengane.

Berre det kan redusere bomgjelda samtidig som Bergen får strengt nødvendig infrastruktur. Får ho ikkje gjennomslag, er fiaskoen komplett for Frp.

Dersom regjeringa gir meir pengar til Bergen, kan FNB innkassere ein stor siger før valet. Regjeringa ville neppe gitt Bergen éi krone meir dersom FNB fekk 2,5 og ikkje 25 prosent oppslutning på målingane.

Det kan likevel vere alt bommotstandarane får til. Det er nemleg ikkje slik at Bergen kommune berre kan kutte ut Bybanen utan vidare.

Byvekstavtalen med staten er bindande. Bryt kommunen avtalen, kan regjeringa krevje dei statlege pengane tilbake. I så tilfelle vil bompengane gå opp.

Då sit FNB igjen med kommunebudsjettet. Det er langt vanskelegare å få det til å gå opp – samtidig som tenestene blir betre – enn å klage på bompengar og Bybanen.