Noko å tru på

Alle sigersmål skal vera marinerte i bomskot og møljespel, skriv Asbjørn Kristoffersen.

TRU: «Har du først for alvor byrja å heia på Nest-Sotra og Tottenham, skal du ikkje ha andre lag i hjarta ditt. Aldri.» Rune Sævig

Asbjørn Kristoffersen

Vesle vitet det strekk ikkje til. Ei tru lyt stydja uppunder. Det sa Ivar Aasen. Nynorskglupingen. Men han levde på attenhundre-og-raspeballar-talet. Han tenkte ikkje på at i våre dagar finst det folk som har mykje større vit enn han sjølv hadde. Folk som ikkje treng tru. Folk som veit.

For vanlege folk får det vera måte på vit. Følelsan dæm slit i mæ, song Åge Aleksandersen i 1984. Han er ein gammal, realitetsorientert herre. Fotball appellerer ikkje til snusfornuft. Når følelsan tek over, kjenner du at du lever.

Nokon kan meina at vitet står i vegen for Gud. Andre kan meina at vitet står i vegen for horoskopet deira. Åge Aleksandersen ville kanskje berre heia på dei som trur på Rosenborg. Ivar Aasen ville heia på alle som heiar. Dei som trur på Nest-Sotra. På Tottenham. På Brann. Eventuelt med Gud attåt. Eller bompengelista. I brølet frå ein heil stadion kjenner du at du lever, kunne Ivar Aasen ha sagt. Når ballen går inn, går vitet ut, kunne det stått i Håvamål. Når laget ditt vinn, treng du ikkje tvila på at livet har ei meining.

Men har du først for alvor byrja å heia på Nest-Sotra og Tottenham, skal du ikkje ha andre lag i hjarta ditt. Aldri. Alle sigersmål skal vera marinerte i bomskot og møljespel. Berre dei som har overvunne tap og liding skal oppleva frelsa. Medgangstilhengjarar og wannabes kjem ikkje til himmelen.

I himmelen er det mange rom og stor gjennomtrekk. I dei størst salane bur dei største kapitalistane og dei falske profetane. Dei lyg og dei stel og dei horar. Men verdas dyraste fotballag har dei største profetane og dei fleste helgenane. Når titanane kjempar, står verda still. Aldri er kjenslene sterkare, aldri står manneætta tettare, skulder ved skulder, mann mot mann, framfor skjermane. Menn sit med fjernkontrollen, men Kvinder selv stod op at strede, som de var Mend.

Vesle vitet det strekk ikkje til. Ei tru lyt stydja uppunder.