Norske koloniar

Eldrebølgja

Nærpolitireform på Grønland? Regionreform i Jämtland og Herjedalen og Idre og Särna? Som om ikkje Erna har det vondt og vanskeleg nok som det er. Med nynorsk og samisk og kvensk og romani. Og urdu. Vi skal vera glad for alt vi er kvitt. Vi har meir enn nok utkantar som det er. Ei overflod av subsidiesluk og folk som lagar rare lydar når dei snakkar.

Takk og pris for at danskar og svenskar og britar og islendingar og alle andre folkeslag som forlengst har demontert heile Noregsveldet som ungane må læra om i historietimane. Dei kunne gjerne teke meir også. Det einaste som ergrar meg er at Båhuslen og smågodt til 19 kroner kiloet gjekk med i dragsuget. Alle dei flotte hyttetomtene. Harryhandel. Opne butikkar skjertorsdag. No er det for seint. Båhusleningane er blitt svenske i hovudet og let seg knapt lenger integrera.

Om vi er kvitt dei gammalnorske utkantane, er dei framleis ein torn i kjøtet for internasjonalt orienterte nordmenn. Folk bur i desse utkantane utan å forstå at dei er for få til å oppretthalda eit berekraftig og tenleg offentleg tenestenivå. På verdas største øy bur det omlag 58.000 menneske, med fullt indre sjølvstyre, danskane styrer berre utanriks- og forsvarspolitikken. Medan dei 76.000 finmarkingane måtte regionreformerast inn i Troms for å bli berekraftige.

Grønlendingar og færøyingar og andre folkeslag som har slått seg til der ingen i regjeringa skulle tru at nokon kunne bu, er ikkje snille med Erna. All strukturrasjonalisering blir rota til med mini-språk og mini-hovudstadar og mini-mini-mini og dryge påstandar om eigen kultur. Dei er ein hån mot både regionreformen og nærpolitireformen.

Alt snakket om Arktis og Trump og Kina og Russland har gjeve meir makt både til gammalnorske og nynorske utkantar. Stakkars Danmark. Stakkars Sverige og Storbritannia og alle andre land som har avlasta det norske statsbudsjettet. Stakkars oss. Det kan bli jarnbane mellom Fauske og Kirkenes av slikt.

Asbjørn Kristoffersen