Bergen på sitt verste

Om valkampen blei avgjort av kven som hadde det beste slagordet, burde alle parti ramla ut av bystyret.

Jens Kihl
Kommentator

AP GÅR PÅ GRUNN (AV DEG): Om Ap plutseleg gjer det betre mot slutten av valkampen, er det nok ikkje på grunn av det uforståelege slagordet «På grunn av deg». Rune Sævig

Det finst dårlege slagord, veldig dårlege slagord – og slagorda til bergenspartia i valkampen. La oss dykke ned i tristessen.

Ap har det uforståelege «På grunn av deg». Reklamen har typisk vore slik (og dette er eit ekte døme):

«På grunn av deg og din stemme på Arbeiderpartiet kan Katrine og russen kose seg og feste kvelden før 17. mai uten å være redde for hjernehinnebetennelse!»

Med andre ord: Om du ikkje røystar Ap, kjem russen til å døy. Tenk litt på det.

Desse passiv-aggressive meldingane er no kombinert med «Sterkere sammen», som er henta frå presidentkampanjen til Hillary Clinton. Dette kan umogeleg gå gale.

Høgre stiller med «Bergen på sitt beste». I starten var det knytt til ei konkret sak, som at «lågare eigedomsskatt er Bergen på sitt beste». No klistrar dei det berre på kva som helst.

Les også

Det er ikke synd på Erna

Har førehandsstemminga opna? Bergen på sitt beste!

God påske? Bergen på sitt aller, aller beste!

Står du mellom Senterpartiet eller Venstre i år? Då kan du velje mellom Sps «Grønn by – levende bydeler» og Venstres «Grønn og levende by».

Dette kan umogeleg tolkast annleis enn at Venstre går til val på daude bydelar. Tenk litt på det.

Det er mogeleg dei kunne ha brukt MDGs «For mennesker og miljø» også. Om MDG vinn valet, er det nok ikkje fordi slagordet er så genialt.

Frå gammalt av har gjerne venstresida hatt ein sterkt sentralstyrt partiorganisasjon. I denne valkampen stiller både Raudt og SV med slagord importert frå partikontoret i Oslo.

Der Raudt har kopiert «Fordi fellesskap fungerer», har SV lagt til «Bergen» før «for de mange – ikke for de få».

Men er det nok til å unngå at bergensarane oppdagar at slagordet er importert frå Austlandet – og før det frå Jeremy Corbyns kampanje i Storbritannia?

Les også

Bomkrise i regjeringa: – Redninga for Erna er truleg å legge masse pengar på bordet

KrF går til val på «Vi bygger Bergen for fremtiden». Eit lite tips: Ikkje vel eit slagord som kunne passa på alle dei andre partia. Det tipset kan også gå til Frp og deira «Frihet, trygghet og handlekraft for Bergen».

Så godt som alle partia kunne brukt kvarandres slagord. Der det meste anna i politikken er kaos, er det trygt å vite at partia tyr til dei same flosklane når det går mot valkamp.

Men eitt parti går ein annan veg. Du får ingen premie for å gjette kven som har «Fordi du ikke skal straffes for å kjøre bil» som slagord.

Jo, bompengelista gjer det sterkt, men er ikkje den einaste jokeren i bergensvalet. Då vi trudde målingane ikkje kunne bli meir spanande, ramla Pensjonistpartiet inn med eitt mandat – på vippen.

Fyrstekandidat Turid Krogh Sveens kommentar «Gud så kjekt å høre» står allereie som eit av dei mest minneverdige sitata frå denne valkampen.

Sjølv om partiet er ute av bystyret på den nyaste BT-målinga, er éin ting sikkert: I dette valet kan alt skje i Bergen. Og slagordet «Vi bryr oss» er faktisk av dei betre i startfeltet.

Omsorg kan det aldri bli for mykje av. Sjølv om dei fleste partislagorda er av typen berre ei mor kan elske.