Utan Kina stoppar Norge

Det einaste Norge etter kvart er sjølvforsynt med, er olje, laks og influensarar. Ein skikkeleg pandemi kan bli livsfarleg for Norge utan at ein einaste nordmann er smitta.

  • Ingebjørn Bleidvin
    Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT
CORONA-FRYKT: Rundt sytti prosent av dei medisinske verkestoffa i verda har sitt opphav i Kina. Når denne sårbare forsyningslinja blir utsett for eit sjokk som coronaviruset, kan det fort gå gale, skriv gjestekommentator Ingebjørn Bleidvin.
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er 826 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Du kjem ganske langt her i verda med NOK; den internasjonale valutakoden for «Norske kroner».

Har du nok pengar ordnar det meste seg. Det har me blitt godt vande med i Norge.

Er det smørkrise, kjøper me inn smør. Er det ein ekstra hissig influensa, støvsugar me marknaden for vaksinar og alt av frukt og grønt er tilgjengeleg på den minste nærbutikk heile året.

Kanskje har me blitt for godt vande. Forsyningskjedene som held den globale økonomien i live, er så kompliserte at få eigentleg har oversikt.

Nesten alle produkt me brukar i kvardagen har forgreiningar til fabrikkar, råvarer og transportsystem over heile jorda.

Resultatet er at me er svært sårbare for stopp av produksjon og eksport av nær sagt alle typar produkt.

Les også

Direkte: Vi følger utviklingen av Wuhan-viruset (covid-19)

Store deler av det kinesiske samfunnet har meir eller mindre stoppa opp grunna coronaviruset.

Dels fordi mange er sjuke, dels fordi staten har innført streng karantene for fleire titals millionar menneske. Ei lang rekke næringar merkar allereie konsekvensane.

Kina er den største tekstileksportøren i verda. Kle- og skoprodusentar har allereie problem.

Smittevernutstyr er naturleg nok mangelvare i desse dagar, og er i hovudsak produsert i Kina. Kinesiske produsentar av ansiktsmasker blei pressa til å forsyna heimemarknaden før dei eksporterte.

Bilbransjen er heilt avhengig av delar produsert i Kina. Fleire bilfabrikkar har byrja å stenga ned produksjonen. Elektronikkbransjen er i same båt.

Slik kan ein fortsetja. Men det finst verre ting enn at bilen din ikkje blir EU-godkjent fordi det er tomt for bremseklossar, eller at du ikkje får bytt skjerm på mobilen etter at du mista den i bakken.

Eit særskilt presserande felt er medisinar, og problemet her byrja ikkje med coronaviruset.

Stadig oftare slår Statens legemiddelverk alarm om medisinmangel. På dei siste seks åra har talet på innmelde tilfelle av medisinmangel meir enn tidobla seg.

Det er ikkje berre eksotiske, dyre kreftmedisinar det kan oppstå mangel på. Vel så ofte er det vanlege allergimedisinar eller antibiotika som forsvinn frå hyllene.

Les også

Håper på verdensrekord i vaksineutvikling

Årsakene er enkle å peika på, men vanskelege å gjera noko med.

Ifølgje Legemiddelverket er det mellom anna «råstoffmangel, produksjonssvikt, feilberekning av forholdet mellom tilbod og etterspurnad, samt kompliserte omsetnadsstrukturar i den globale legemiddelmarknaden.»

Alle medisinar har eit «aktivt verkestoff»; altså det kjemikaliet som har den faktiske, medisinske effekten.

Rundt sytti prosent av alle slike verkestoff i verda har sitt opphav i Kina. Når denne sårbare forsyningslinja blir utsett for eit sjokk som coronaviruset, kan det fort gå gale.

Foreløpig har medisinprodusentane nok råvarer på lager, men store produsentar har sagt at dei vil få problem om karantenen i Kina held fram lengre enn ut februar.

Helsedirektoratet greier ut for tida om me Norge kan ha lager og produksjon av fleire medisinar sjølve. Dersom regjeringa går inn for dette, vil det kunna vera ei viktig forsikring mot dei verste krisene.

Les også

Bergensere i Kina: Slik opplever de virusutbruddet

Er det «ulv, ulv»-fakter å ropa opp om potensiell mangel på medisinar, mat og andre nødvendige varer?

Ein peikepinn kan jo vera kva Norge sjølv gjer: Helsedirektoratet har nyleg bedt om at det blir innført ei lov som gjer det forbode å senda medisinar ut av Norge i ein kritisk situasjon.

Det er eit fornuftig tiltak, sett frå Norge si side. Men det viser korleis dynamikken i krisesituasjonar er: alle tenkjer på seg sjølve først.

Det er lite truleg at Kina vil vera meir sjølvoppofrande enn Norge.

Kina er ein relativt rik, autoritær eittpartistat. Dei har kunna gå til drastiske tiltak for å hindra viruset i å spreia seg, og har økonomi til å setta helsevesenet sitt i høggir.

Dette har truleg bidrege til at viruset enn så lenge har ei avgrensa spreiing utanfor Kina.

Les også

Haukeland er klar til å teste for Wuhan-viruset

Kva om viruset i staden hadde oppstått i eit fattig, overbefolka land sør for Sahara, utan fungerande helsevesen eller sterke sentralmyndigheiter?

Faren er at utbrotet ville nådd langt lengre, langt raskare. Dei globale forsyningslinjene kunne ha blitt endå meir påverka.

Me kan koma i ein situasjon der ingen lagar produktet me treng, og ingen uansett ville ha seld det til oss om dei hadde det. Då hjelper det ikkje om me har aldri så mykje NOK.

Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Coronaviruset
  3. Medisinmangel
  4. Kina
  5. Medisin

Les mer om dette temaet

  1. Nå er Hauke­land klar til å teste for Wuhan-viruset

  2. Virusforsker: Minst ett år før det kommer vaksine mot coronaviruset

  3. – Ho har ei eiga evne til å redusera eitkvart politisk spørsmål til eit slagord på Facebook

  4. – Fastlegeordninga har no hamna på kanten av stupet

BT anbefaler

Da Liv Monika (16) møtte barnevern og psykologer, lukket hun seg. Men på mobilen lå en historie få voksne fikk høre.

Liv Monika (16) var for frisk for psykiatrien, men for syk for barnevernet. Da hun ble sendt som en kasteball i systemet, ble livet umulig å leve.

LES SAKEN