Internett er smittefritt

Det næraste eg kjem eit samfunn no, er i Minecraft.

  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Kommentator i BT
«Den digitale verda er framleis der ute, og den er akkurat som før. Og det finst ikkje smittefare der», skriv Morten Myksvoll.
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over to år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Me som speler ein del data på fritida, veit korleis me kan vere mest mogeleg inne sjølv om det er finvêr ute.

Den store forskjellen er sjølvsagt at no må me vere inne. Valet er tatt for oss, og ikkje av oss.

Men me har verktøya til å leve så normalt som mogeleg.

Og det må vere nøkkelen for å halde hovudet på rett plass i denne ekstraordinære tida: leve så normalt som mogeleg.

Difor kan eg vere med vener i fleire timar ein kveld utan å vere redd, fordi me pratar saman på Discord.

Og så gjer me som vanleg: skyt høgoppløyselege pikslar i Overwatch, invaderer italienske småstatar i Europa Universalis, eller bygger ein by i Minecraft.

Dette er eit godt tidspunkt for å finne ut kor sosialt det kan vere å spele på internett. Den digitale verda er framleis der ute, og den er akkurat som før. Og det finst ikkje smittefare der.

Om terskelen for å spele av ulike grunnar vert for høg, finst det gode alternativ for å utvide sofakroken. Legg til Netflix Party i nettlesaren til Google, så kan du sjå seriar saman med vener over internett.

Ikkje nødvendigvis for seriens skuld, men for det sosiale samhaldet. Under koronakrisa kan internett vere vårt sosiale tryggingsnett.

Les også

Se bilder fra BT-leserne som er #btkoronafast

Internett gjer til og med den klassiske telefonsamtalen betre. Slå på video, så vert kontakten med vener og familie betre med ein gong.

Det er viktig å halde avstand når smitten spreier seg i stor fart. Men fysisk avstand treng ikkje betyr sosial avstand. Den bør vere så kort som mogeleg.

For me skal leve liva våre, sjølv om det meste må gjerast inne. Heldigvis er alle berre nokre millisekund unna på internett.

Publisert
  1. Livet som korona-fast
  2. Koronaviruset
  3. Internett
  4. Minecraft

Les mer om dette temaet

  1. «Forliket på Stortinget sikrar dei som blir råka av koronakrisa ei løn å leve av»

  2. Karantenemur rundt Sogn og Fjordane. Reiseforbud i Ullensvang. Begrenser besøk til døende.

  3. Idrettsforbundet anslår tap på 500 millioner kroner

  4. Oslo universitetssykehus vil teste ikke-godkjent ebolamedisin på koronasmittede

BT anbefaler

«Sting blir bare bedre og bedre»

Sting har sin trofaste fanskare selv om publikums gjennomsnittsalder øker for hvert besøk, skriver BTs anmelder.

LES SAKEN