«Mission Accomplished»

Vladimir Putin seier at Russland skal trekkje tilbake troppane sine frå Syria – igjen. Oppdraget som er utført, er noko heilt anna enn det han seier høgt.

Morten Myksvoll
Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

GODE ALLIERTE: Viss målet til Putin, i tillegg til å redde Assad, var å få folk i Vesten – om enn på ytterkantane – til å relativisere massedrap og bejuble krigsbrott, så har han pokker meg klart det, skriv Morten Myksvoll. SPUTNIK / REUTERS

Som i alle andre Syria-relaterte uttalelsar, trekk Putin fram terrorgruppa IS som grunngjevinga for krigføringa. Det var terrorgruppa som gjorde at han valgte å sende russiske militære inn i kampane, og det er IS som no gjer at han tilsynelatande trekkjer styrkane ut.

Det er verdt å nemne at det er tredje gongen han erklærer eit tilbaketog. Ifølge Putin er det såkalla kalifatet knust i Syria og fjerna frå kartet. Det er i så tilfelle gjort med fotofikling. IS er framleis tilstades.

Som med alle andre Syria-uttalelsar frå Putin, vert IS brukt som eit vikarierande motiv.

Vladimir Putin er – og har vore – i Syria for å beskytte president Bashar al-Assad. Assad-regimet har delteke i ein blodig borgarkrig mot ulike opprørsgrupper, og stod svært svakt då Russland greip inn i september 2015.

Russland kunne miste sin langvarige allierte, men òg deira einaste militærbase ved Middelhavet.

Les også

PRESIDENT PUTIN: Varsler delvis russisk tilbaketrekking fra Syria.

Gjennom tallause bombetokter, primært mot andre enn IS, har Putin sikra Assad-regimet eit lengre liv.

Det viktigaste slaget for Assad si framtid stod om Aleppo rundt juletider i fjor. Der var ikkje IS, men krigsbrotverka stod likevel i kø. Det toppa seg med tvangsflyttinga av mange tusen sivile.

Assad har no meir kontroll enn på fleire år, men styrer over brent jord, daude menneske, og utbomba sjukehus.

Samtidig som verda gler seg over at krigsforbrytarar som Ratko Mladic og Slobodan Praljak frå Bosnia-krigen får sin dom, ser me ein av etterkrigstidas største slaktarar konsolidere makta si igjen i Syria.

Assad er ansvarleg for ein enorm flyktningstraum, men verdssamfunnet har blitt sitjande å sjå på at Putin plastrar makta hans saman igjen.

Igjen er IS problemet. Kampen mot terrorgruppa har vore så blind at ein ikkje har makta å bry seg med kva som skjer med Syria (og Irak) etter at gruppa er bekjempa.

Det spelet har ein overlatt til Russland, Tyrkia, Iran, og libanesiske Hezbollah. Det siste året har vore ganske enkelt for denne nye blokka.

Etter at Donald Trump overtok makta i Det kvite hus, har amerikanske bombetokter drept mange fleire sivile enn det dei gjorde før.

Trump sin forsvarsminister nektar for at dei har endra stridsreglane sine, men mangelen på vilje til å ettergå feil i bombetokter som drep mange sivile er monumental.

I mars vart nesten 50 menneske drepne – dei fleste sivile – då USA bomba ein moské i Aleppo-provinsen. Lenge nekta dei for at dei i det heile tatt hadde truffe moskéen, sidan dei sikta på ein bygning like ved.

Desse uforsvarlege bombetoktene bidrar til å gjere vestleg kritikk av Russland vanskelegare.

Russiske myndigheiter er ekspertar i såkalla «whataboutism», der ein heile tida anklagar motparten for å vere dobbeltmoralsk, sidan ein ikkje kritiserer alt anna i same andedrag som ein kritiserer Russland.

Det herskar ingen tvil om at den russiske intervensjonen er blodigare enn den amerikanske, men me har vore vant med at USA i det minste prøver å opptre med ein slags treffsikkerheit.

Russiske bombetokter har, ifølge Syrian Observatory for Human Rights, drepe 6328 sivile, mot den amerikansk-leia anti-IS-koalisjonen sine 2775.

Assad-regimet står for over 40.000 sivile drap – før ein reknar med dei nær 15.000 menneska som er blitt drepne av regimet i fengsel under krigen.

Les også

PST: Ingen IS-krigere tilbake til Norge på over ett år.

Vladimir Putin veit at det finst lommer med IS-krigarar rundt Deir ez-Zour, nær grensa til Irak. Han veit at dette ikkje er over. Han veit òg at den dagen IS faktisk blir knust i Syria, så lever dei vidare i andre land.

Målet til Putin er nok å overbevise eigne innbyggjarar om at kampen mot IS er vunne, og at Russland er ei legitim stormakt. I den prosessen klarar han nok å lure mange i Vesten òg.

Det er forunderleg mange utanfor Russland som er i målgruppa for russisk nasjonalisme.

Ein autokrat sitt viktigaste kort for å delegitimere motstandarar er terrorstempelet. Terror er både noko handfast og konkret, som eit bombeåtak eller ei skyting, men det er òg noko abstrakt.

Terror har ikkje berre ein akademisk og ein jurdisk definisjon. Det har òg ein politisk definisjon. I mange tilfeller er terror berre ein merkelapp, utforma slik at ein skal kople regimemotstandarar med terrorhandlingar.

Leiarar som Assad og Putin er ekspertar på dette. Dei brukar terror om det som reint faktisk er terror, men òg om anna motstand.

Les også

SPILLET OM SYRIA: Forhandler om hvem som skal vinne freden.

Det er beint fram uredeleg å påstå at alle som har plukka opp våpen i kamp mot Assad-regimet er terroristar.

Det går an å meine at alle som kjemper for grupper knytt til IS og al-Qaeda er det, men sjølv der er det nyansar. Kva om Assad-regimet bombar heile familien din på marknadsplassen, drep dei som overlevde ved å bombe sjukehuset, og ei jihadi-gruppering tilbyr deg våpen?

Det er eit dilemma mange ikkje-radikaliserte har vore oppi i Syria. Om noko har Assad si bombing skapt fleire (potensielle) terroristar enn færre, fordi han har drepe så mange sivile, og antakeleg radikalisert svært mange.

Det desse leiarane veit, er at dei finn støtte til slike handlingar i vesten. Å bekjempe terror er alt for ofte berre sminke på tønnebomba.

Viss målet til Putin, i tillegg til å redde Assad, var å få folk i Vesten – om enn på ytterkantane – til å relativisere massedrap og bejuble krigsbrott, så har han pokker meg klart det.

Det er lenge sidan «aldri meir»-haldninga som fulgte Bosnia-krigen, ja.