Tullebukken og havresekken

Statsrådanes etterlønsordning er altfor raus. Får vi nye rundar med misbruk dei neste vekene?

Publisert: Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

TOMMEL OPP: Per Sandberg (Frp) gjekk av som fiskeriminister 13. august klokka 15.00. Her er han og Bahareh Letnes i Arendal nokre timar seinare same dag. Foto: Terje Pedersen, NTB Scanpix (arkiv)

På fredag kan KrF vedta å kaste dagens regjering. Av 20 statsrådar skal i så fall 13 tilbake til Stortinget, medan sju ikkje har plass i nasjonalforsamlinga. I tillegg kjem statssekretærar og politiske rådgjevarar i hopetal. Kva skal alle desse jobbe med?

Om nokon følgjer den nye trenden, vil det sprette opp enkeltpersonføretak som skal jobbe med pr og kommunikasjon. Slikt utløyser karantenetid med månadsløn i hundretusenkronersklassen. Keisam ventetid for nokon, godt betalt ferie for andre.

Kontrasten er hard til korleis det går om vi andre blir arbeidslause. Då må du registrere deg hos Nav og vere «reelt arbeidssøkjande». Du kan ikkje stille noko spesielt lønskrav, du må vere villig til å ta på deg all slags arbeid, du må godta både heiltids- og deltidsarbeid og du må gidde å jobbe kor som helst i landet.

Om du gjer alt dette, får du dagpengar, som i snitt er litt mindre enn to tredelar av løna du hadde før du mista jobben – og ikkje meir enn om lag 360.000 i året. Men har du ungar, har staten ei lita ekstragåve på lur: 17 kroner per barn fem dagar i veka. Ungane et ikkje mat i helgene, som kjent.

Tilbake til regjeringsapparatet, der reglane er ganske annleis. Så lenge du ikkje skal tilbake til Stortinget, får du uansett éin månads etterløn. Desse pengane får du sjølv om du går rett tilbake i jobb. Ser du etter arbeid, får du full løn i inntil tre månader. Løna for ein statsråd er for tida 1.365.016 kroner, så du har til salt i såret.

Les også

Wara hadde Politiets Fellesforbund på kundelisten

Stortingspolitikarane kan få etterløn i opptil eitt år dersom dei er arbeidssøkjande. Denne etterløna er nesten tre gongar så høg som den maksimale satsen det er mogleg å klemme ut av dagpengeordninga.

Men nokre statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar er så uheldige å gå til ein jobb der det er samanheng med dei saksfelta dei hadde ansvar for, eller som på andre måtar kjem i konflikt med rolla dei hadde i regjering. Då kan dei få karantene i seks månader. Det kan vere gode grunnar til dette, men diverre finst det dei som openbart lever litt for godt på ordninga.

Desse ordningane har blitt kritisert dei seinare åra. I 2014 skreiv VG om korleis ei rekkje Ap-statsrådar hadde oppretta selskap som skulle drive med pr-rådgjeving. «Systematisk utnyttet svakheter i et system», sa Frp-nestleiar Per Sandberg.

Men det var då. 13. august 2018 klokka 15.00 gjekk Per Sandberg av som statsråd. Vel to veker seinare, 28. august registrerte han enkeltpersonføretaket «Per Sandberg», som ifølgje Brønnøysundregistra skal drive med kommunikasjonsrådgjeving innanfor «et bredt spekter av næringsinteresser og politikk». Tilfeldigvis skal føretaket også drive med sal og marknadsføring av «norsk sjømatnæring og teknologi knyttet til sjømatproduksjon». Slikt blir det karantene av for ein tidlegare fiskeriminister.

Det var jammen uflaks for Per Sandberg at selskapet hans skal drive med akkurat den typen arbeid som gjev seks månader karantenetid.

UT DØRA: 16. desember 2015 gjekk Robert Eriksson (Frp) av som arbeidsminister, og Anniken Hauglie (Høgre) tok over. Dei neste seks månadene heva han full statsrådsløn. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix (arkiv)

Hugsar du Robert Eriksson? Arbeidsministeren frå Frp oppretta rådgjevingsfirmaet «Løkka i livet AS» rett før etterløna var slutt. Utan å spekulere i motivet kan ein slå fast at resultatet var tre ekstra månader med full løn.

Ettersom det er Stortinget som vedtek ordningane for rikspolitikarane, er det kort veg mellom bukk og havresekk. Sjølv om det er ein lønskommisjon som innstiller på lønsnivået, er det framleis Stortinget som gjer vedtaket. Vi andre har diverre ikkje høve til å diktere Nav kva vi meiner ville vere eit passe nivå på dagpengane.

Politikarane bør vere varsame med kva ordningar dei gjev seg sjølve. Det er ikkje sikkert at dagens ordningar ville vore eit problem i seg sjølv. Men når det stadig dukkar opp einmanns pr-byrå ut av det blå, utfordrar det heile systemet.

Det er god grunn til at ein bør ha litt rause ordningar. Statsrådar bør bruke dagane på å styre landet, ikkje leite etter jobb. Og der vanlege arbeidstakarar ikkje kan bli sagt opp sånn heilt utan vidare, kan folk i regjeringsapparatet miste jobben av meir eller mindre gode grunnar.

Det kan vere at balansen mellom landsdelane skal gå opp, at eit nytt parti skal inn rundt Kongens bord eller at det står strid om ei politisk sak. Eller som no: Plutseleg kan regjeringa bli kasta utan at det eigentleg er din feil. I regjering har du ikkje noko stillingsvern.

Som kompensasjon for dette er det greitt med rause ordningar, men det får vere grenser. Éi løysing kunne vere å gje folk saksforbod i fleire saker. Det vil seie at du ikkje får jobbe med eit saksfelt, men utan at du blir kompensert for det. Du står fritt til å ta deg ein vanleg jobb, men ikkje ein der du skal handtere akkurat det feltet du arbeidde med.

Kanskje kunne ein sett for seg at det var lettare å få karantenepengar om du gjekk tilbake til jobben du hadde før enn om du gjekk til eit nytt yrke. Det ville gjort at ein advokat eller næringslivsleiar fekk pengar medan ho måtte vente på å gå til jobben sin, medan dei som hadde planar om eit pr-firma kunne leve på litt meir moderate utbetalingar.

Ei anna ordning kunne vere at etter dei tre fyrste månadene kjem du inn på dei same ordningane som vi andre har: Nav finst for alle, ikkje berre arbeidarklassen. Ja, inntektsfallet ville bli relativt stort, men sånn er det for alle andre. Og med tre månaders god løn burde det vere mogleg å planleggje for at dei neste tre ville bli strammare.

Det trengst kanskje ei mentalitetsendring i toppolitikken. SV-statsråd Heidi Grande Røys gjekk tilbake til jobben som styrar i Havreneset barnehage i Florø og Ap-topp Helga Pedersen blei vikarlærar på Tana vidaregåande skule i Finnmark, men for mange søkjer seg diffuse jobbar i pr-bransjen. Dei går frå å vere politikarar til å leve av å påverke politikarar. Dei har skjulte kundelister og kort veg til gamle vener i politikken. Det må få høgare status å ta seg ærleg arbeid. Då ville vi fått færre slike saker, og tilliten til politikarane ville ikkje gått på slike jamlege smellar.

For mange av oss går rundt og tenkjer at det er tullebukken som passar havresekken.

Publisert: