Røkketårnet

SKYSKRAPAR: Statsminister Erna Solberg var på plass under presentasjonen av den 200 meter høge bygningen Kjell Inge Røkke vil byggje på Forneby. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

  • Asbjørn Kristoffersen
Publisert:

Trond Mohn seier han betaler skatt med glede. Mykje skatt. Han strør om seg med milliardar til kreti og pleti. Men har ikkje anna enn ballbingar og sjukehusutstyr å visa att for seg. Kjell Røkke satsar på Nordens høgaste hus, han. Pluss verdas største havforskingsskip (og verdas største yacht). Kven trur du blir mest glamorøs?

To hundre meter høgt og tre milliardar dyrt er dei strategiske tala for skyskraparen på Fornebu. Den er tenkt å raga i himmelsynet i sju prestegjeld og bli fylt til randa med verdas fremste havforskarar (verdas skattebetalarar må vel trø til med pensjonspoeng og snus).

Det hastar med byggjeløyve frå Bærum kommune, det hastar å berga havet, seier Røkke-direktør Nina Jensen. Det hastar så mykje at det raskaste nok ville vera å klessa til med tre milliardar til eit røkketårn eller to der havets redningsfolk alt er på vakt. I Bergen. I Tromsø. Eller i Longyearbyen. Minitårn, om ikkje anna.

Hadde berre Røkke budd i Bergen. Eller i Tromsø, eller i Longyearbyen. Men Røkke bur i Asker, han. Han vil sykla frå hybelen til tårnet sitt. Eller fyra opp reketrålaren sin. Som rimeleg er. Det er dessutan liten vits i å byggja Nordens høgaste hus ute av syne for Storting og styringsverk og Skavlan og Lindmo. Eit to hundre meter høgt tårn i Jekteviken ville vore usynleg for alle andre enn bergensarar og strilar og Vi over 60. Same om tårnet var kongeblått eller gammalrosa.

Det finst sikkert hundreogtrettifire gongar fleire havforskarar i Bergen enn inst i Oslofjorden. Men Kjell Inge Røkke veit kva han gjer. Har du blått nok og høgt nok tårn, får du Erna på kroken. Har du både verdas høgaste havforskingshus og verdas største havforskingsskip, snakkar vi om seriøst dametekke. Fiskaren frå Molde hev vore kan kanskje bli kompis med dronninga av Jordan, han. Og Bill Gates. Hotte folk.

Trond Mohn er kompis med fotballspelarar og kulturkjerringar og sjuklingar opp og ned langs kysten. Du må lura på om han veit kva farge det er på ballbingane han har etterlete seg land og strand rundt.